Dette melder Helse Førde i ei pressemelding.

NORSE – eller Norwegian Outcome Response System for Evaluation – er leia av fagsjef Christian Moltu ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde, og prosjektet er eit nært samarbeid mellom dei to forskingsgruppene Psykisk helse og Rus og folkehelse, livsstil og overvekt. I fulltekst har prosjektet fått tittelen:

NORSE: Building bridges between psyche and soma through personalized and dynamic mental health systems.

Gledeleg samarbeid

- Eg synes det er utruleg gledeleg at vi har greidd å oppnå dette, seier Christian Moltu om tildelinga frå forskingsrådet.   -   Spesielt gledeleg er det at dette er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Førde kommune og Helse Førde, og det er såleis eit godt grunnlag for å utvikle vidare forsking i Førde.

Dei tildelte midlane kjem frå eit av dei nye programma hjå Noregs forskningsråd: Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester  - HELSEVEL.

58 søknader vart vurdert, og NORSE er ein av seks av desse som vart innvilga.

- Ein viktig milepæl

Midlane på ti millionar kroner til NORSE er som omsøkt, og vil bli fordelt ut på ein prosjektperiode frå medio 2017 til medio 2021. I tillegg utløyser tildelinga ei finansiering frå Helse Vest på 15 prosent av dei rekneskapsførte midlane frå forskingsrådet.

- Vi har med dette nådd ein særs viktig milepæl i Helse Førde, seier administrerande direktør Jon Bolstad.   -  Å handtere eit så omfattande prosjekt blir noko nytt for oss i Helse Førde, og prosjektet føreset solide støttefunksjonar, mellom anna til jamleg rapportering inn til Norges forskningsråd om økonomi og framdrift.

Nasjonal strategi

Prosjektet støttar opp fleire av føringane i den nasjonale strategien forskings- og innovasjonsstrategien HelseOmsorg21 og i styringsdokumentet til Helse Førde. I dette ligg godt samarbeid mellom spesialist- og kommunehelsetenesta, gode og effektive pasientforløp, brukarmedverknad, e-helse samt styrking av innovasjonssamarbeidet med næringslivet. Høgskulen på Vestlandet og St. Olavs Hospital er sentrale nasjonale samarbeidspartar. Det er også involvert ei rekkje internasjonale partar.