Rita Nyland meiner ein sjøflyplass treng meir grundig vurdering i høve til tryggleik/miljø. Ho oppmodar om bruk av Sandane lufthamn i staden.

Nyland er huseigar og bebuar i Kaivegen, eit steinkast frå den planlagde seawalken og cruisesatsinga på Eid. Tidlegare har ho protestert mot cruiseanløp ved sentrum i Eid, og no er ho skeptisk til satsing på turisme med sjøfly. I eit brev til Eid kommune skriv ho at turistnæringa heller bør nytte seg av Sandane lufthamn, der det allereie er tilrettelagt i høve til tryggleik og beredskap og konsesjonen allereie er på plass.

Trangt om plassen

Nyland påpeikar også at det kan bli farleg og trangt om plassen når både ein cruisebåt, eit sjøfly og kanskje fritidsbåtar skal manøvre i hamna samstundes. Ho fryktar for tryggleiken og etterlyser ein beredskapsplan i høve til sjøfly, det same som ho har etterlyst i høve til cruisetrafikken. Nyland nemner også bølgjer på fjorden som gjerne kan oppstå om ettermiddagen sommarstid. Ho fryktar også endå meir støy for dei som bur i området.