I mange år har fristen for å levere skattemeldinga vore 30. april. Så skulle ein også tru at det var i år. Men det er ikkje tilfelle.

Nye reglar

I år er faktisk fristen for å levere skattemeldinga  måndag 2. mai. Og forklaringa er ganske enkel: 30. april er på ein søndag, og i følgje den nye skatteforvaltningsloven fører det til at skattebetalarar får litt ekstra tid på seg til å levere.

Det stadfestar også Merete B. Jebsen, pressesjef i Skattedirektoratet.

– Skattemeldinga for lønnstakarar og pensjonister skal etter skatteforvaltningsforskriften § 8-2-3 leverast innen utgangen av april. I 2017 fell 30. april på ein helgedag  og det følgjer av skatteforvaltningsloven § 5-5, som viser til Domstolsloven § 149, at det ikkje vert rekna for seint dersom du leverer 2. mai.

Slepp utsetting

For mange vil det seie at dei kanskje slepp å søkje om utsetting. Og at dei kan bruke 1. mai-helga til å gjere ein siste sjekk på tala før levering.

– Mange har nok ikkje vore klar over dette høvet som kom med dei nye reglane, seier Rolf Lothe, fagsjef i Skattebetalerforeningen.

– For dei  som slit  med å rekke fristen vil det vere fint å nytte dei ekstra dagane. Då treng dei  heller ikkje å søkje om utsetting, noko som ville forseinka skatteoppgjeret.