John Olav Lefdal vann nyleg ei sak mot Nordfjord hamn. Retten døme Nordfjord Hamn IKS til å betale sakskostnadane gründeren og næringslivsmannen hadde i samband med saka. No brukar han pengane til å kjøpe hjartestartarar til Røde Kors-lag i Nordfjord.

–For meg er det viktig å bidra til det viktige frivillige arbeidet som  blir gjort i regionen vår, seier Lefdal som har endå meir godt nytt til dei som brukar tida for å hjelpe menneske i regionen.

Mobbåtar

–Nordfjord Serviceterminal kjøper to brukte mob-båtar, der eine vert plassert ved cruisekaia i Olden, og den andre ved cruisekaia, eller seawalken, som snart vil vere på plass på Nordfjordeid. Dette gjer vi fordi cruise-hamnene i Olden og på Nordfjordeid skal bli dei tryggaste cruise-hamnene i landet, seier Lefdal som legg til at mob-båtane kvar har ein nypris på 2,5 millionar kroner og at båtane som gjer høvesvis 22 og 33 knop, og skal kunne disponerast av Røde Kors-lag i Nordfjord.

Samarbeid

–Næringslivet i Nordfjord er opptatt av samarbeid på tvers av kommunegrenser. Våre bidrag, både når det gjeld hjartestartarar og mob-båtar, er eit prov på at vi kan samarbeide på mange område i regionen, seier John Olav Lefdal til Fjordabladet.