Dei store energiselskapa i fylket samarbeider om dette prosjektet som er den største moderniseringa av straumnettet på hundre år.

– Samarbeidet gir oss både tryggleik og effektivitet i arbeidet, seier Ole Gaute Hovstad som er leiar for system og utvikling i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Eltel skal montere

Sunnfjord Energi er først ut, og dei første kundane i Førde vil få ny målar i slutten av april. Det er Eltel Networks AS som skal stå for arbeidet med montering av dei til saman 52 000 straummålarane for dei fire samarbeidande selskapa, Sunnfjord Energi, Sognekraft, Stryn Energi og Sogn og Fjordane Energi. Eltel har prosjektkontor og lager i Førde medan prosjektet held på i Sogn og Fjordane. Det er Sør-Koreanske NURI Telecom LtD (Nuri) som leverer dei automatiske straummålarane og kommunikasjonsutstyr.

Får brev i posten

SFE Nett begynner å byte målarar hos sine kundar i februar neste år, og først ut er Florø forklarer Hovstad. Han seier at kundane vil få informasjon i posten god tid i førekant, og at alle vil få eit forslag til tidspunkt for når monteringa skal skje i deira bustad, også dette per brev. Det vil vere høve til å byte tidspunkt om det ikkje passar.

Kan spare straum

At nettselskapa installerer nye målarar hos kundane er ein vinn-vinn for både kunde, samfunn og nettselskap meiner Hovstad.

– Vi trur mange kundar set pris på at dei no etter kvart slepp å lese av målaren, seier han.

Han legg til at enkelte kundar har automatisk straummålar frå før, men også desse målarane skal bytast ut.

– Dei nye målarane inneheld moderne teknologi, og er tilrettelagt for at ein kan kople til ulike styringssystem som til dømes kan hjelpe heimen med å spare straum.

Hovstad legg til at nettselskapa, som monopolsbaserte aktørar, ikkje har høve til å tilby slike kommersielle produkt, men at det finst nok av selskap i marknaden som gjer det.

Prosjektleiaren forklarar vidare at den største vinsten, sett i frå eit samfunnsperspektiv er at ein med automatiske målarar klargjer straumnettet for morgondagens straumkundar, og at ein i mange høve kan redusere behovet for andre investeringar og oppgraderingar i straumnettet.

Varslar straumbrot

Den nye målaren gjer det mogleg for nettselskapa å oppdage og lokalisere straumbrot i kvar bustad, slik at kundane raskare kan få att straumen ved straumbrot. I dag har nettselskapa oversikt over tilstanden i høgspentnettet, fram til næraste nettstasjon, men straumbrot i lågspentnettet mellom nettstasjon og kunde tar lenger tid å identifisere. Med nye målarar har nettselskapet direkte kontakt med kvar målar og vil raskt oppdage at straumen er vekke hos kundane.

Noregs største samarbeid

Dei fire selskapa er ein del av SORIA-alliansen som er det største samarbeidet om automatiske straummålarar i Noreg og omfattar 27 nettselskap over heile landet. Samarbeidet dreiar seg mellom anna om planlegging, kjøp av straummålarar og monteringstenester. Til saman skal selskapa i SORIA montere målarar hos 700 000 av alle straumkundane i Noreg.

Alle i heile Noreg skal få nye straummålarar, det har Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE) bestemt, og til no har om lag 6% av norske heimar fått. NVE har gitt nettselskapa frist til 1. januar 2019 med å montere målarane.

Plan for dei fire selskapa:

Sunnfjord Energi sine kundar: nye målarar i løpet av 2017.

Sognekraft sine kundar: nye målarar hausten 2017 / vinteren 2018

Stryn Energi sine kundar: nye målarar vinteren 2018

SFE Nett sine kundar: nye målarar i løpet av 2018

(det kan verte endringar i tid og rekkefølge).