Lagsrennet måtte flyttast til Grøndalen på grunn av snømangel på Tua. Det vart frakta belte-firhjuling i ein stor traktorhengar frå Hjelle, for å få lagt til rette for best moglege løypeforhold. Denne vart også nytta til å frakte dei rekordstore vandrepokalane til Grøndalssetra.
– Det var svært god stemning blant deltakarane og tilskodarane som heia både små og store fram i løypene, fortel Hilde Isane Hjelle.
– Somme av deltakarane kom heilt fråTrondheim for å ta del i rennet. Geir Furnes og sonen, Sivert Furnes, var imponert over rennleiinga og gjennomføringa av arrangementet. Geir Furnes stakk av med sigeren i seniorklassa, fortel Hjelle.
Skihopp og orgeltramp
Vinnarane av dei gjeve pokalane var Oselie Henden (J 2002) og Mathias Navelsaker (G 1999). Rennet vart avslutta med risikosport i form av skihopp og orgeltramp på smale langrennsski.
– Skigruppa håpar med meir stabile snø- og treningsforhold neste sesong, slik at endå fleire kan bli med på denne flotte aktiviteten, seier Hilde Isane Hjelle.
Lagsmeisterskap Eid IL Skigruppa, Grøndalen 2017
800 meter
G 2012: Ari Borgund, Lavrans Bjelland Nøstdal, Kasper Midthjell
G 2011: Sivert Furnes og Severin Nes Hjelle
J 2011: Katrine Lefdal
1 kilometer
G 2010: Samuel Henden, Trym Hovden Pile
J 2010: Agnes Midthjell
J 2009: Konstanse Henden
J 2008: Selma Anderson, Agnes Bjelland Nøstdal, Malene Nes Hjelle
(Frå og med 11 år (2006 og eldre), blir det kåra lagsmeistrar i kvart årstrinn )
G 2006
1: Esekiel Henden
2: Ragnar Nes Hjelle
G 2005
1: Tørres Bjelland Nøstdal
2: Lukas Anderson
J 2005
1: Ada Borgund
3 kilometer
G 2004
1: Ingebrigt Nes Hjelle
2: Emilian Henden
G 2003
1: Magnus Skeide Bakke
5 kilometer
J 2002
1: Oselie Henden (lagsmeister)
G 1999
1: Mathias Navelsaker (Lagsmeister)
2: Oskar Fjelldal
Menn senior
1: Geir Furnes (Lagsmeister)
2: Kenneth Vedvik