Dei har fordelt ansvaret for innsamling av slektssoge:

Anne Lise Wik samlar inn opplysningar på strekninga Øvre Os til og med Torheim. Karin Walen Rindal har ansvaret for strekninga Skipenes til Nord. Steinar Furnes samlar inn frå Alsaker til Åsebø, Ole Martin Rafshol frå Stårheim, Remmedalen, Høynes, Botn, Indre og Ytre Rød. Arve Espe med assistanse av Trygve Espe har ansvaret for Haugen og Hjelmelandsdalen, medan Per P. Oos samlar inn på gardsnummera 44, 45 og 46; Myklebust, Os og Gjerde. Då manglar ein slektsinteresserte som kan ta ansvaret for Skårhaug og Mehl, Langeland og Stokkenes, Nord og oppover til Holmøyvika.

Mykje arbeid er allereie gjort. For Lote, Hennebygda, Holmøyane, Skrede, Heggjabygda og Kjølsdalen føreligg det gards- og ættesoger, men dei treng oppdatering til 2017.

– Vi håper fleire vil vere med å hjelpe. Nokre har ferdig registrerte slekter, andre har ikkje peiling. Vi kjem også til å møte dei som ikkje er interessert i det heile.

– Vi kjem til å lage til eit skjema som går ut likt til alle over det vi er interessert i å vite, fortel dei.