Området skal vere inngjerda. Festen er for alle mellom 18 og 30 år, og alle må vise legitimasjon ved inngang.

«Vi har allereie hatt kontakt med politiet og Plassens venner, der vi har fått godkjenning til å ha festen. Vi har også tatt kontakt med Røde Kors som skal stille med førstehjelpsvakter, og vi skal ta kontakt med Frivilligsentralen. Det er over 40 vakter som har meldt seg frivillig. Det einaste som manglar no for å få eit så bra arrangement som russestyret legg opp til, er skjenkeløyve. Vi satsar på at det går like bra som tidlegare år, og at det blir ein fest som deltakarane seint vil gløyme. Vi håper at kommunen går oss i møte, og at vi får eit bra samarbeid om dette arrangementet», skriv Eidarussen i søknaden.