Kjølsdalen Montessoribarnehage fekk i fjor auka tal barnehageplassar til 27 plassar. Barnehagen har i dag ei avdeling med barn i aldersgruppa 0-3 år med til saman 9 plassar og ei avdeling med barn i aldersgruppa 3-6 år med til saman 18 plassar. Samla tal plassar for barnehagen er 27 faste plassar.

Barnehagen søkt om ei endring slik at dei kan vere meir fleksible i høve alder på barna som går i barnehagen. Dette tykkjer rådmannen er greitt og tilrådinga er 27 barnehageplassar for aldersgruppa 0 – 6 år i Kjølsdalen Montessoribarnehage.

Haugen barnehage har i dei siste åra fått innvilga dispensasjonar for å ta inn barn under to år. Dei ønskjer å endre aldersgruppa i barnehagen frå 2 – 6 år til 0 – 6 år, og har søkt om ny godkjenning av aldersgruppa. Rådmannen si tilråding er at Haugen barnehage får løyve til å ha 18 faste plassar for aldersgruppa 0 - 6 år.

Saka skal handsamast av Oppvekst- og kulturutvalet komande torsdag.

I sitt nærmiljø

Oppretting av barnehageplassar har vore eit tema i fleire år, og Eid kommune har gjort justeringar i tråd med dei behova som har oppstått. Ein har utvida tal plassar i Golvsengane barnehage, Gjerdane barnehage og ved Kjølsdalen Montessoribarnehage.

Søkjarane til barnehageplassane i Kjølsdalen og på Haugen er stort sett frå Kjølsdalen og Haugen. Begge barnehagane har gode lokale, og administrasjonen vurderer dei som eigna for aldersgruppa 0 – 6 år. Ved å opprette nye faste plassar i Kjølsdalen og på Haugen, vil brukane få barnehageplass i sitt nærmiljø.

Kan påverke sentrumsbarnehagane

Administrasjonen er klar over at oppretting av nye plassar kan føre til at ein ikkje får fylt opp alle barnehageplassane i Eid sentrum. Dette vil i så fall gå utover inntektsgrunnlaget til sentrumsbarnehagane. Ein vil likevel tilrå at søknaden frå Kjølsdalen Montessoribarnehage vert komen i møte med den grunngjevinga at tal søkjarar til barnehagen er aukande, og at det er stor transportavstand til Eid sentrum for barnehagebarn frå Kjølsdalen.

Samordna opptak

I Eid har ein samordna opptaksmøte mellom dei kommunale og private barnehagane. Det er kome 72 søknader, og 64 av desse har lovfesta rett til plass. Desse barna er fødde før 30.11.2016 og har søkt om plass innan søknadsfristen 15.03.17.

Administrasjonen opplyser i saksutgreiinga at det ser ut til at alle som har rett etter lova, får plasstilbod i ein av barnehagane i kommunen. I tillegg vil truleg dei fleste av dei andre søkjarane som søkjer plass frå hausten 2017, og som har søkt innan søknadsfristen, få tilbod om barnehageplass i kommunen. Men alle vil ikkje få plass i den barnehagen dei har som førsteprioritet.

Gjerdane barnehage har 45 godkjende plassar, på Golvsengane er det i utgangspunktet 136, men har våren 2017 utvida tal plassar til 142. På Haugen er det 18 barnehageplassar, på Stårheim 34 og i Eid barnehage 82, Kjølsdalen Montessoribarnhage har 27, Snøkrystallen 12 og i dei to familiebarnehagane Nøtteliten og Fossebakken er det fire plassar i kvar.

Ja-kommune

Eid kommune ønskjer å vere ein positiv ja-kommune til familiar som vil flytte til kommunen, og då er ledige barnehageplassar ein av fleire viktige faktorar.

Rådmannen si vurdering er at ei justering av alderssamansetjinga ved Kjølsdalen Montessoribarnehage og ved Haugen barnehage vil vere positivt både for familiar med barn som flyttar til kommunen, nye barn som blir fødde i krinsane og at det samla sett blir større fleksibilitet i tilbodet til innbyggjarane.

Truleg fullt på Stårheim

For hausten 2017 ligg det føre 11 nye søknader til Kjølsdalen Montessoribarnehage. Administrasjonen skriv i si saksutgreiing at i omgjering av plassar i Kjølsdalen Montessoribarnehage, heller ikkje vil føre til at Stårheim barnehage vil få færre barn, då opptaket syner at det truleg blir fullt i denne barnehagen også.