(Foto: Illustrasjon)

Foto: Illustrasjon

Ja til nye E-bjøller

Hennebygda Beitelag ved Roy Cato Hopland får 10.400 kroner i tilskot frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Pengane går til å kjøpe inn 15 E-bjøller i beiteområde.

Fylkesmannen har i 2017 fått tildelt ein million kroner til fordeling til tiltak i beiteområde. Samla kostnadsoverslag for søknadane i år er på 4,6 millionar kroner fordelt på 56 søknadar. Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda. Fylkesmannen vurderer Hennebygda Beitelag sitt tiltak til å vere eit godt og målretta tiltak for beitebruken og i samsvar med regelverket.