Fylkesmannen har i 2017 fått tildelt ein million kroner til fordeling til tiltak i beiteområde. Samla kostnadsoverslag for søknadane i år er på 4,6 millionar kroner fordelt på 56 søknadar. Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda. Fylkesmannen vurderer Hennebygda Beitelag sitt tiltak til å vere eit godt og målretta tiltak for beitebruken og i samsvar med regelverket.