Det vert no jobba med å få oversikt over skadane etter brannen i Fjærlandstunnelen.

–Vi skal ha geolog inn i tunnelen for å sjekke fjellet i tunnelen, og vi må få oversikt på om det er skader på det elektriske anlegget og tunnelviftene, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

–Førebels er det for tidleg å seie noko om kor lenge tunnelen blir stengd, men det vil truleg dreie seg om fleire dagar, seier Finden.

Trafikken er omdirigert via rv/fv. 55 via Høyanger og fergesambandet Dragsvik-Hella. Fjord1 set inn ekstra turar på natt for å ta unna trafikken på Dragsvik-Hella medan tunnelen er stengt.

–Vi har folk ute for å følgje med på trafikkavviklinga på omkøyringsvegen, og vi vil sette inn ekstraferjer på nattestid, seier Finden som legg til at det har vore sterk varme i tunnelen. Fjellet må spylast, reinskast og sikrast, og elektrisk utstyr må skiftast ut.

–Det har vore sterk varmeutvikling frå brannen, og det har rast ned ein del stein der feiebilen stod i brann. Det er rive hol på sikkerheitsnettet i taket. Det yste laget av fjellet har sprukke opp over eit større område på grunn av den sterke varmen, seier avdelingsdirektør Finden.

Geologane ventar no på platformbil som vil gje dei betre tilkomst til tunneltaket, og eit fjellsikringslag frå Presis vegdrift er på veg. Dei skal inn igjen i tunnelen etter klokka 16.00, for å sjå nærare på tunneltaket. Ein gravemaskin har teke ned dei største lause delane allereie.

Tunnelen må også høgtrykkspylast for å få vekk mykje sot. Så blir det bolting og sprutbetong til slutt. Dette arbeidet vil ta nokre dagar å få utført.

–Det vil ta fleire dagar å reparere tunnelen etter brannen. Men vi vil sette i gang med styrt trafikkavvikling gjennom tunnelen så fort me kan – kanskje om to-tre dagar, seier Finden.

Tunnelbrannen har ført til store skadar. Statens vegvesen kan ikkje seie sikkert når tunnelen bli opna for trafikk. Foto: Statens vegvesen
Det er rive hol på sikkerheitsnettet i taket. Det yste laget av fjellet har sprukke opp over eit større område på grunn av den sterke varmen. Foto: Statens vegvesen