Våren kjem stadig lenger opp over fjellsida, men på Furuhogane var det mange som var møtt opp for å få med seg siste restane på skifjellet denne sesongen. (Foto: Inger Træen )

Våren kjem stadig lenger opp over fjellsida, men på Furuhogane var det mange som var møtt opp for å få med seg siste restane på skifjellet denne sesongen. Foto: Inger Træen

Nok snø til å få påskestemning

Sjølv om påska i år er sein og det er lite snø i fjellet, redda snølaget på Furuhogane likevel påskestemninga i dag. Rundt 300 hadde funne vegen til Kjenndalsheisen og appelsin i bakken.

På Harpefossen no i påska er Kjenndalsheisen open på Furuhogane og Enerskiheisen nede ved Varmestova. Elles er det for lite snø til å halde ope den andre fjellheisen.

Men trass lite snø i fjellet og våren som trengjer seg på, var det mange som fann vegen til fjells på Furuhogane i dag. Mest folk var det kanskje likevel på Langfredag, den første dagen med sol frå skyfri himmel i påskehelga.

Harpefossen skisenter har arrangert ei rekkje med aktivitetar denne påska, mellom anna kinesisk utfor, jibbe-park kurs, skiskule, hoppkonkurranse, afterski, barnedisko, grilling, aking om kvelden og quiz i varmestova.