Ein forsmak på sommaren eller berre ekstra sein påske? På Harpefossen i dag var det i alle fall mange som gjekk i vatnet, eller gjekk over vatnet med ski på beina. (Foto: Inger Træen )

Ein forsmak på sommaren eller berre ekstra sein påske? På Harpefossen i dag var det i alle fall mange som gjekk i vatnet, eller gjekk over vatnet med ski på beina. Foto: Inger Træen

Litt meir vått på Harpefossen

Medan den våte snøen lava ned var det nokre som starta badesesongen på Harpefossen i dag. Watersplash handlar om å komme seg heilskinna over eit basseng med vatn, med ski på beina.

20 deltakarar stilte opp då Harpefossen skisenter annonserte Watersplash i dag. Mange av dei kom seg over bassenget som var fylt med vatn, medan andre måtte gje tapt og hamna ut i det iskalde vatnet.

Humøren var likevel på topp, og mange var møtt opp på Furuhogane i dag for å få med seg årets første bad, med ski på beina.

Mange hadde fin stil over vatnet, med ski som fungerte som vannski. (Foto: Inger Træen )

Mange hadde fin stil over vatnet, med ski som fungerte som vannski. Foto: Inger Træen

Dei som var med på leiken måtte satse på å bli gjennomblaute. (Foto: Inger Træen )

Dei som var med på leiken måtte satse på å bli gjennomblaute. Foto: Inger Træen

Leiv Sønderland var den eldste, med fint driv over vatnet. (Foto: Inger Træen )

Leiv Sønderland var den eldste, med fint driv over vatnet. Foto: Inger Træen

Marius Saltkjel frå Skavøypoll stilte i sommarleg utstyr. (Foto: Inger Træen )

Marius Saltkjel frå Skavøypoll stilte i sommarleg utstyr. Foto: Inger Træen

Siste nyhende

Barnehagen i Kjølsdalen

Veks ut av rammene

Historia om bakeria i Eid

Smørdal og Rasmussen

Historia om bakeria i Eid

M. Andersen bakeri