Skal du på påsketur med ski er ikkje Tua i Stigedalen den rette plassen. Skiterrenget som alltid er populært i påska kan ikkje vise til skispor i april dette året. Store delar av vegen innover Fladalen er utan snø, så her må ein ta beina fatt.

Bra med folk

Men trass mangel på påskeføre, var det fleire som var i Stigedalen i går, Langfredag. Det stod ein del bilar på parkeringsplassen så påsketuristane visste vel råd for å komme seg fram.

Ein av dei som kosa seg i påskesola på den snøfrie grusvegen var Bendik Sperrevik frå Os sør for Bergen. Han var med familien på hytta ved Storesetrevatnet, og meinte det var heilt greitt med ei påske utan så mykje snø.

-Vi går turar på beina innover dalen. Eg er ikkje så veldig glad i å gå på ski, så ei slik påske er heilt i orden for meg. Peiskosen er likevel det aller viktigaste når ein er på hytta, meiner Bendik Sperrevik som i går var på tur med hunden Ayla.