I Gloppen fekk to bilførarar fekk inndrege førarkorta grunna høg fart under ein fartskontroll i 80 sona på E39 ved Egge onsdag ettermiddag. Begge førarane  var i tenåra. Den eine vart målt til 117, og den andre til 134 kilometer i timen.

Natt til skjærtorsdag fekk ein bilførar forenkla førelegg for å ha med seg fleire personar i bilen enn den er registrert for. Sjærtorsdag føremiddag gjennomførte politiet også ein ruskontroll i på E39 ved Bruland i Førde. 76 bilførarar vart kontrollerte. Ingen utslag.

Politiet melder også om at ein bilist var uheldig  og til å gjere skade på ein spegel til ein liten mørk personbil parkert i sentrum av Sandane rundt klokka 12:30 onsdag. Bilen stod parkert ved G-sport på Sandane. Eigar bes kontakte politiet på 02800.

Under ein trafikkontroll i Setrevegen i Stryn onsdag vart det skrive ut eit forenkla førelegg til ein bilførar som ikkje hadde sikra barn under køyring. Her vart 40 bilførarar kontrollerte.