Anders Felde, laiar i Sogn og Fjordane Bondelag, er ein av innleiarane når Sogn og Fjordane Venstre byr inn til debatt om distrikt og miljø fredag etter påske. Bilete er frå

Anders Felde, laiar i Sogn og Fjordane Bondelag, er ein av innleiarane når Sogn og Fjordane Venstre byr inn til debatt om distrikt og miljø fredag etter påske. Bilete er frå "Pub og Politikk" Eid Venstre arrangerte tidlegare i år på Expeditionen på Nordfjordeid. Tema var då landbrukspolitikk. T.h. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).Foto: Tormod Flatebø

Venstre inviterer til debatt:

Hemmar miljøpolitikken distrikta?

Trine Skei Grande er ein av i alt seks innleiarar som skal diskutere distrikt og miljø under «Pils & politikk» på Villa Åmot i Bygstad fredag 21. april. 

Det er Sogn og Fjordane Venstre som står bak arrangementet.

–Vi er strålande fornøgd med å ha fått med både partileiaren og eit stjernelag av innleiarar, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang.

Landbruk og klima

–Eg håpar at vi kan slå i hel nokre mytar denne kvelden, og vise at det er gode moglegheiter for nye arbeidsplassar i det grøne skiftet, seier fylkesleiaren.

For å innleie til temaet har Venstre fått med seg seks ulike innleiarar. Ein av dei er Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Han vil snakke om landbruk, klima og bærekraftig utnytting av globale ressursar.

Fylkesskogmeister Merete Larsmon vil snakke om skogen som ressurs og karbonfangar, og Steinar Sørli, vert på Villa Åmot, vil fortelje om korleis Åmot brukar lokalmat og lokale ressursar som del av merkevara.

Smart miljøhus

Elisabeth Kjerstad Bøe og Håvard Korsvoll har nyleg bygd eit miljøvenleg hus på Bjørvikstranda i Gaular. Dei vil fortelje om huset som blir omtalt som «Norges smartaste heim».

Kjerstad Bøe er òg tilsett i fylkeskommunen som prosjektleiar for Hydrogen Region Sogn og Fjordane. Under møtet vil ho fortelje meir om moglegheitene ved ei hydrogensatsing for næringslivet i fylket.

Trine Skei Grande, leiar i Venstre, blir med på møtet for å ta imot tankar og innspel, og vil fortelje om korleis Venstre jobbar for å skape nye arbeidsplassar og samtidig bidra til å løyse miljø- og klimautfordringane.

Pils & politikk

Anne-Mette Hjelle er konferansier for «Pils & politikk», og gler seg stort til møtet.

– Det er fantastisk å ha fått med eit slikt lag for å fortelje om eit stort og viktig tema, seier Hjelle, som òg er tredjekandidat til Stortingsvalet for Sogn og Fjordane Venstre.

– Dette er det fjerde «Pils & politikk»-arrangementet som blir arrangert i Indre Sunnfjord. På dei tre førre har vi sett lys på næringsutvikling, helse, skule og barnehage. Eg trur dette er ein god måte å engasjere fleire i politiske spørsmål. Det er ei meir uformell ramme og vi legg opp til å bygge kunnskap framfor å skape ein veldig polarisert debatt.

– Eg håpar og trur mange finn vegen til Villa Åmot for å både lære og ta del i diskusjonane, avsluttar Anne-Mette Hjelle.

Partileiar Trine Skei Grande er ein av innleiaren på Sogn og Fjordane Venstre sitt arrangement fredag 21. april. Her er partileiaren saman med stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn under eit besøk på Eid Elektro på Nordfjordeid. 
            (Foto: Fjordabladet)

Partileiar Trine Skei Grande er ein av innleiaren på Sogn og Fjordane Venstre sitt arrangement fredag 21. april. Her er partileiaren saman med stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn under eit besøk på Eid Elektro på Nordfjordeid. Foto: Fjordabladet

–Vi er strålande fornøgd med å ha fått med både partileiaren og eit stjernelag av innleiarar, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang. 
            (Foto: Tormod Flatebø)

–Vi er strålande fornøgd med å ha fått med både partileiaren og eit stjernelag av innleiarar, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang. Foto: Tormod Flatebø