– Det nye tilbodet vil medføre at fleire reisande vil kome seg enklare til distriktet, og såleis bidra til turistauke for alle attraksjonane og aktivitetane i distriktet, seier Marita Lindvik, reiselivssjef i Visit Nordfjord. 
            (Foto: Tormod Flatebø)

– Det nye tilbodet vil medføre at fleire reisande vil kome seg enklare til distriktet, og såleis bidra til turistauke for alle attraksjonane og aktivitetane i distriktet, seier Marita Lindvik, reiselivssjef i Visit Nordfjord. Foto: Tormod Flatebø

Ny fjordrute:

«Unesco Fjord Bus Tour»

– Dette er ei etterlengta og svært viktig styrking av infrastrukturen for individuelt reisande i regionen, seier reiselivssjef i Visit Nordfjord, Marita Lindvik.

Ein av landets viktigaste turoperatørar «Fjord Tours» med base i Bergen, lanserer denne sesongen ei ny og spanande fjordbuss-rute som skal ta reisande frå ein Unesco-fjord til ein annan: frå Geirangerfjorden via Nordfjorden til Nærøyfjorden.

Turistperler

I Nordfjord vil turen gå via nasjonale turistperler som Loen Skylift og Via Ferrata i Loen. Det blir jobba med å kople tilbodet til eksisterande ruter til Briksdalsbreen. Tilbodet vil medføre at fleire reisande vil kome seg enklare til distriktet, og såleis bidra til ei turistauke for alle attraksjonane og aktivitetane i distriktet.

–Dette er ei etterlengta og svært viktig styrking av infrastrukturen for individuelt reisande i regionen. Her kan gjester som kjem utan eige transportmiddel enkelt bestille transport på 1. klasse direkte til indrefileten av Vestlandsnaturen, seier reiselivssjef i Visit Nordfjord, Marita Lindvik, i ei pressemelding.

Dagleg

Ekspressbussen vil gå dagleg frå 10. juni til 13. august tur-retur. I Nordfjord stoppar bussen i Stryn og Loen. Billettar vert selde på fjordtours.com og utvalde turistinformasjonar. Her kan ein lett koble seg på anna transport, som tildømes brebussen som går vidare til Briksdalsbreen eller ta buss vidare til andre stader i Nordfjord.

– Vi håper på sikt at dette skal bli en permanent rute som vil ha korrespondanse heilt til Ålesund, slik at kundane har ei moglegheit til å komme frå, til dømes, Ålesund til Bergen og visa versa via fjordane på ein enkel og attraktiv måte, seier Steinar Aase i Fjord Tours.

Mål

Tilbodet har som mål å betre og forenkle transporttilbodet til alle som ikkje reiser med eige transportmiddel, og som ønskjer seg enkel tilgang til kjende naturperler i vestlandsnaturen. Tilbodet vil bidra til trafikkspreiing og auke i tal gjestedøgn og verdiskaping ved at ein gjer det enklare for eit større tal gjester å oppsøke destinasjonane.

Kvifor ein eigen fjordbuss?

Ideen er å knyte dei to verdskjende fjordane saman på ein enkel og behageleg måte. Med ekspressbussen kan du oppleve to Unesco-fjordar som kvar for seg utgjer storslått natur. Stoppestadane mellom fjordane gjer turen unik. Tilbodet styrkar såleis infrastrukturen mellom Ålesund og Bergen til beste for dei reisande.

Fjordruta er utvikla og drifta av Fjord Tours med Visit Nordfjord, Visit Sognefjord og Visit Ålesund som ivrige støttespelarar.