Det er eit grunngjeve spørsmål ein må stille etter at nok ein god time med god lokal Påskemoro på Hauane er over. Sjølv om det ikkje alltid er like enkelt å henge med i svingane på den heilt ultralokale biten av programmet, så var dette skikkeleg, som vanleg, veldig kjekt.

Noko av dset kjekkaste med påskemoroa i Vårtun på Haugen, eller påskervy som det reelt er, er at ein i tillegg til å herse litt med ordførar, andre politikarar, lokalavis, er at all den gode uhøgtidlege sjølvironien.

Årets påskemoro hadde i seg det meste, men vi kjem ikkje unna at høgdepunkta var gamle norske innslag i Melodi Grand Prix. Her bydde aktørane på scena verkeleg på seg sjølv.

Nytt på Nytt gjengen i arbeid. Som vanleg var det å finne ut kva som skulle ut. Foto: Tormod Flatebø
Sogn og musikkinnslag var det mange av i årets revy - eller påskemoro. Foto: Tormod Flatebø
Litt god omtale av leiar i teknisk utval måtte sjølv sagt til, etter alt han hadde gjort for å løyse dei vanskeleg trafikale forholda i lokalområdet.
Og sjølvsagt også for partiet til leiar i teknisk utval.
Kva skal ut? Øystein Haugland (t.h.) hadde det enkle og opplagde svaret. Båten skal ut! Foto: Tormod Flatebø