Eit fleirtal av oss skal ein tur ut i naturen i påska. 
            (Foto: Halvard Alvik/NTB scanpix/NPK)

Eit fleirtal av oss skal ein tur ut i naturen i påska. Foto: Halvard Alvik/NTB scanpix/NPK

Åtte av ti skal på påsketur

Åtte av ti nordmenn planlegg ein tur ut i naturen i påska, viser ei ny undersøking. Iveren er størst i Nord-Noreg, blant høgtlønte og KrF-veljarar.

Det er Ipsos som på oppdrag frå paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv, står bak undersøkinga. I eit representativt utval på 1.012 spurde svarer 81 prosent at dei skal ut i naturen i påska.

– Dette stadfestar at friluftslivstradisjonen står sterkt i Noreg, seier generalsekretær Lasse Heimdal.

At store delar av landet manglar snø, ser ikkje ut til å dempe turlysta.

– Kystfriluftslivet er godt i gang igjen etter vinteren. Padling eller segling kan vere den perfekte påskeaktiviteten i år. Det er ikkje alltid nødvendig å dra så langt for å nyte naturen, seier Heimdal.

Flest i nord

Iveren etter å komme seg ut i naturen er ikkje heilt den same over heile landet. Medan 90 prosent av dei spurde i Nord-Noreg planlegg å vere på tur, har berre 68 prosent i Oslo tankar om det same.

Ipsos-undersøkinga antydar elles at utdanningsnivået påverkar turlysta. Medan 88 prosent av dei med høgare universitets- eller høgskulegrad skal ut i naturen i påska, er svarprosenten 69 blant dei som berre har grunnskuleutdanning.

Desse forskjellane avspeglar seg også i inntektsstatistikken. Medan ni av ti med husstandsinntekt over 800.000 kroner skal ut i påskenaturen, er det berre 69 prosent av dei lågast lønte som har planar om det same.

KrF og Venstre

Dei to samarbeidspartia KrF og Venstre kan vere einige om mykje politisk, men når det gjeld påskeplanar synest veljarane deira å skilje lag. Størst er nemleg turlysta i KrF, der 95 prosent av dei spurde planlegg påsketur i naturen. Minst er iveren i Venstre, der 66 oppgir det same.

Tre av ti Venstre-veljarar har ikkje tenkt å vere ute i naturen i påska. Nærmast Venstre i svara kjem SVs veljarar. At både Venstre og SV profilerer seg som naturvernparti hjelper tydelegvis lite på tur-iveren. 74 prosent av SVs veljarar skal ut i naturen i påska, medan 18 prosent har andre planar.

På tredjeplass på lista over parti med dei tilsynelatande minst turglade veljarane, ligg Høgre med Miljøpartiet Dei Grøne hakk i hæl.