Bøtelagt for mobilbruk

Utrykkingspolitiet heldt åtferdskontroll på Nordfjordeid i dag.

I denne åtferdskontrollen vart tre bilførarar bøtelagde for bruk av handhalden mobil. Det vart også delt ut eitt gebyr for manglande bruk av bilbelte.


Akkurat no driv politiet øving på utrykkingskøyring i området Eid/Stryn/Måløy. Øvinga skal halde fram om lag til klokka 15.00 i dag.