I år har Malakoff booka bandet som har gjort norrøn kulturarv kjend for heile verda; Wardruna gjer ein eksklusiv avslutningskonsert i Amfiet på fredagen 21. juli under Malkoff 2017.

Norrønt og urnorsk

Wardruna vart starta i 2002 av Einar Selvik (tidlegare trommis i Gorgoroth). I 2009 kom fyrste plata i  Runaljod-trilogien, og sidan då har dei sakte men sikkert etablert seg nasjonalt og internasjonalt som ein viktig formidlar av norsk og norrøn kulturarv. Wardruna har med sine musikalske tolkingar av gamle nordiske tradisjonar skapt seg ein stor tilhengarskare både her heime og i utlandet. Ved hjelp av Nordens eldste instrument, lydar frå naturen og songar forfatta på norsk, norrønt og urnordisk vev Wardruna eit storslått, visuelt lydbilde som tek deg med inn gamal norrøn kultur og visdom på ein heilt ny måte.

TV-serie

Bandet har spelt mange utselde show nedover i Europa og spelte nyleg to utselde konsertar på Sentrum Scene i Oslo i januar. I løpet av dei siste tre åra har Wardruna nådd eit stort publikum gjennom History Channel sin populære TV-serie ”Vikings”. Serien nyttar mykje av Wardruna sin musikk og Einar er i tillegg medkomponist av serien sin originale filmmusikk. Ved to høve har Einar til og med dukka opp på skjermen i ei gjesterolle som viking i Rollo og Ragnar Lodbrok si verd.

Gjer deg klar til ei særs spesiell og sjelsettande musikkoppleving som tek deg lokalt tilbake til år 870.  Her får du presentert majestetisk og magisk norrøn musikkhistorie i ei lita vestlandsbygd med solid historisk vikingætt. Det vert suggerande trommer, sakral fleirstemt song, vestlandsk sommarnatt, levande lys, vikingar på tokt og eit trollbunde malakoffpublikum! Wardruna er eit tidlaust og sjangerlaust musikkprosjekt som ikkje kan beskrivast – men rett og slett må opplevast.

Nordfjordeid som Vikingstad

Kong Audbjørn av Fjordane vart gravlagt rundt år 870, i ein av dei mange gravhaugane ein har på Nordfjordeid. På denne tida brukte ein skipa til å gravlegge eigaren, og i nettopp ein av desse gravhaugane har det blitt funne restar av det største vikingskipet i Norge. I skrivande stund vert ein rekonstruksjon av Myklebustskipet bygd. Dette skipet ruvar 30 meter langt og 6,5 meter breitt og vert hovudattraksjon på det nye vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid.

Historia om kong Audbjørn og broren Vemund

I Snorre si kongesoge om Harald Hårfagre meiner arkeologen Bente Magnus å finne haldepunkt for at det var småkongen Audbjørn eller broren Vemund som vart gravlagd i Rundehogjen: Dei to brørne rådde i Firdafylke i dei åra då Harald Hårfagre la under seg Noreg. Storgarden Myklebust vart eitt av dei rikaste og mektigaste hovudseta på Vestlandet i vikingtida. Småkongen Audbjørn var blant motstandarane til Harald Hårfagre. I sjøslaget ved Solskjel på Sunnmøre ca. 870 fall Audbjørn. Broren Vemund tok då over som konge over Firdafylke og tok til å samle skip og utstyr til eit oppgjer med kong Harald som var ventande sør om Stad neste vår.

Men seinhaustes same året som slaget ved Solskjel stod, drog Ragnvald mørejarl som var kong Harald sin allierte, den indre vegen sørover til Fjordane og kom til Eid. Der fekk dei vite at kong Vemund denne kvelden var i gjestebod på garden Naustdal saman med 90 av mennene sine. Ragnvald mørejarl kringsette veslestova på Naustdal og brende Vemund og mennene hans inne. I tillegg rana Ragnvald garden til Vemund og stal skipa hans

Dermed er BIFFY CLYRO, REFUSED, KARPE DIEM, ALAN WALKER, TURBONEGRO, ANE BRUN, CONVERGE, ÅGE ALEKSANDERSEN & SAMBANDET, FRANK CARTER & THE RATTLESNAKES, WARDRUNA, DUBIOZA KOLEKTIV, JANOVE, SPIDERGAWD, DAGNY, KJARTAN LAURITZEN og CARNIVAL KIDS klare til Malakoff-festivalen som vert arrangert på Nordfjordeid 20.- 22. juli. Årets festival vert den fyrste som går over 3 dagar. Malakoff har dei siste 4 åra vore utsolgt med 12.000 publikummerar kvar dag, 5.000 festivalcamperar.