Det seier Lars-Svein Drabløs, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Framstegsparti og lokalpolitikar i Eid,  som saman med Britt Dalsbotten, listetopp til Stortingsvalet for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel, avtroppande stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Høgre, og Frida Melvær, listetopp til Stortingsvalet for Sogn og Fjordane Høgre,  slepte nyhendet på ein pressekonferanse i Førde i dag, onsdag 5. april.

–Det vi no kan seie er at flaskehalsane på strekninga på E39 mellom Byrkjelo – Sandane, eller rettare sagt på strekninga mellom Reed og Sandane, skal rustast opp. Konkret betyr det at det blir tunnel forbi Gullkista. Vidare at det smale strekket på strekninga frå Eidsmona og inn mot Sandane  blir rusta opp, seier Lars-Svein Drabløs som legg til at beløpet som ligg inne i NTP’en for å få gul stripe på strekninga Byrkjelo – Sandane er på ein milliard kroner.

Ikkje avklart

I følgje Drabløs er konseptet for opprusting av strekninga ikkje heilt avklart og kostnadsanslaget er på ein milliard, som ligg i grunnlagsdokumentet, derfor er litt usikkert.

–I følgje eit førebels kostnadsoverslag frå Satens vegvesen vil utbetringa av dei punkta som eg har nemnt  bli på rundt rekna 500 millionar kroner, seier Drabløs som har jobba tett opp mot Samferdsledepartementet og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) for å få opprusting flaskehalsane på av denne viktig  strekninga på E39 inn i NTP’en.

Første periode

–I kva periode av NTP snakkar vi om at arbeidet med å ruste opp Byrkjelo – Sandane kan starte opp?

–Det som vert jobben vidare, er å få konseptet inn i første periode, 2018-23, av NTP.  Det betyr at  Satens vegvesen må kome opp med eit gjennomarbeidd kostnadsoverslag, seier Lars-Svein Drabløs som legg til at bakgrunnen for at Høgre og Frp-regjeringa no legg fram planar for opprustinga av Byrkjelo-Sandane, er at også samarbeidspartia, Venstre og Kristeleg Folkeparti (Krf), stiller seg bak planane.

Godt samarbeid

–Representantar frå samarbeidspartia kunne ikkje vere med på pressekonferansen i dag, men for meg er det viktig å presisere og gje honnør til både Venstre og Krf for at vi no kan gå ut med at flaskehalsane på E39 blir fjerna, seier han og legg vidare til at også ordførarane i Gloppen og Eid har jobba opp mot departementet i denne saka.

–Den største flaskehalsen på E39 mellom Byrkjelo og Sandane er dette området ved Gullkista. Ut frå det som blir lagt fram i dag, så vil det bli tunnel forbi denne strekninga, seier Lars-Svein Drabløs. Foto: Tormod Flatebø