Det var dei fire beste laga frå seriespelet som møttest til kamp om fylkesmeisterskapen i Trivselshagen på Sandane i helga. Dette var Eid, Florø, Florø 2 og Gloppen.

Eid spelte først semifinale mot Florø 2, ein kamp jentene vann soleklart 22-10.

– Vi var litt nervøse på førehand, for vi veit at Florø har gode lag. Men jentene spelte kjempebra og utklassa motstandaren, seier Ida Midthjell, som er trenar for Eid jenter 14 år.

Suveren finalesiger

Etter at Gloppen vann den andre semifinalen, var det klart for nabooppgjer i finalen. Også her vart det klar siger. Med sluttresultat 21-14 og sjumålssiger, er det ikkje nokon tvil om kven som fortente tittelen som fylkesmeistrar.

– I og med at Gloppen hadde heimebane i finalen, rekna vi med at det ville bli ein tøff kamp. Når vi vinn med sju mål, er det ein veldig klar siger. Jentene imponerte stort i begge kampane i fylkesmeisterskapen, seier trenar Ida Midthjell.

Til regionsmeisterskap

Før helgas fylkesmeisterskap hadde Eid-jentene eit klart mål: Å kvalifisere seg til regionsmeisterskapen i Bergen. Det ville dei klare om dei vart blant dei to beste laga, altså om dei gjekk til finale.

– Vi nådde målsettinga, og når vi toppar det heile med å ta gull, kan det ikkje bli betre, seier Midthjell.

Regionsmeisterskapen blir spelt i Framohallen i Bergen 22.-23. april. Her ventar mest sannsynleg mykje tøffare motstand enn dei er vande med frå heimleg seriespel.

– Det blir Eid og Gloppen som representerer Sogn og Fjordane i regionsmeisterskapen i Bergen. Der vil vi nok møte eit heilt anna nivå enn her heime, så det blir både utfordrande og spennande. Vi har vore suverene i fylket i mange år, så vi gledar oss veldig til å få teste oss skikkeleg, seier Ida Midthjell.

Held fram som trenar

Ho vil gjerne få rose arrangementet på Sandane i helga.

– Det var eit flott arrangement, med mange unge og flinke dommarar, fleire av dei frå Eid kommune, seier ho.

Sjølv bur ho på Sandane og pendlar til Eid både for å jobbe og for å trene jentelaget. Det har ho tenkt til å halde fram med.

– Eg skal i alle fall trene dei eitt år til. Det er ein veldig kjekk og treningsvillig gjeng, som der er ei glede å vere trenar for, seier Ida Midthjell.