Bakgrunnen for dette er at rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, blir prosjektleiar i samanslåingsprosessen mellom Selje og Eid. Fjordabladet har tidlegare opplyst at prosjektleiinga, med prosjektleiaren i spissen er den administrative delen av prosessen. Selje og Eid har tidlegare blitt samde om at den kommunen som ikkje får den administrative leiaren, skal frå leiaren for fellesnemnda. Fellesnemnda er den politiske leiinga, som også har ansvar for økonomien sjølv prosessen.

–Fellesnemnda vil truleg bli sett saman av fem politikarar frå kvar av kommunane. I og med det no kan sjå ut som om at Eid får prosjektleiaren, så blir det Selje, etter dei avtalane som er gjort mellom kommunane,  som får leiaren i fellesnemnda, sa Selje-ordførar Stein Robert Osdal på første dag av felles kommunestyremøte mellom Eid og Selje i Fosnavåg måndag.