– Det har i grunnen gått over all forventning, og etter å ha vore med på bryllaupsmessa her på Nordfjordeid førre helg, så har vi fått tilbakemeldingar på at det er behov for oss også her på Eid. Difor har vi vore på ei lita besøksrunde hos firma her, som kunne tenke seg å vere interessert i å leige oss inn til blåturar, kundemøte, konferansar og liknande, fortel Monica Egeberg.

Etter å ha drive ei stund tilsette ho Malene Sætren i ei 20 prosent stilling. No er dei på jakt etter eigna lokale der dei kan ta imot kundar og ha eige lager.

Håpar på avtalar

No er dei på jakt etter samarbeidsavtalar med større verksemder, slik at dei får fleire føter å stå på i distriktet.

– Det finst ikkje andre som driv med det same som vi her i Sogn og Fjordane. Vi trur det er mange større verksemder som treng oss. Samstundes driv vi også i den private marknaden der vi arrangerer bursdagar, konfirmasjonar, bryllaup, dåp og større festar. Vi tilbyr også eigne servitørar og barpersonell. Vi håpar sjølvsagt at vi kan få avtalar også her på Eid, det hadde vore kjempekjekt, seier Malene.

Senke skuldrene

– I staden for at kunden skal organisere blomster, mat, musikk, lokale, og invitasjonar, så kan dei ha kontakt med berre ein, nemleg oss, så ordnar vi resten akkurat slik kunden ønsker det. Vi strekk oss langt for å få det slik dei vil ha det. «Vær gjest i din eigen fest» er vårt slagord, og med det meiner vi at kunden kan ta seg av gjestane sine og kose seg på festen utan å måtte organisere alt, og heller nyte å vere til stades, seier Monica.

– Vi bruker også lokale aktørar der vi er, slik at alle skal kunne tene på det, og vi ønskjer også lokale samarbeidspartnarar på Eid, seier dei.