Fylkesdirektøren har kome med framlegg om at det utlyste tilbodet ved Eid vidaregåande skule vert endra slik:

Vg1 studiespesialisering vert redusert frå 2 til 1 gruppe,

Vg2 data og elektronikk vert ikkje sett i gang og

Vg2 interiør – og utstillingsdesign vert redusert frå 1,5 til 0,5 gruppe.

Saka skal opp i Hovudutval for opplæring onsdag 29. mars.

Skuffelse og vantru

Blant dei tillitsvalde ved Eid vgs. vert framlegget møtt med skuffelse og vantru. Dei er både overraska og frustrerte. Den sterkaste reaksjonen er på at studiespesialisering er føreslege redusert frå to til ei gruppe. Skulen var for tre år sidan oppe i tre grupper med vg1 studiespesialisering, og kan no bli avspist med ei.

– Vi kjempar for at det skal vere slik vi har det no med to klassar, seier leiaren for elevrådet, Vibeke Bjørhovde Haus. I tillegg til primærsøkjarane er ein del som har studiespesialisering som andreval, og elevrådsleiaren legg vekt på den tryggleiken det gjev å i alle fall kome inn på andrevalet. Ho er også redd for at det med berre ein klasse vert færre programfag å velje i.

Hobby eller samfunnsansvar

Medan Eid vgs. ligg an til å miste ein klasse med studiespesialisering, har fylkesdirektøren plussa opp frå ein til to klassar med idrettsfag ved Firda vgs., fordi der var mange søkjarar.

Dei tillitsvalde ved Eid vgs. meiner at politikarane må spørje seg kva regionen og fylket vårt treng. Dei peikar på at det er eit dårlegare studieførebuande tilbod å ta idrett som programfag enn andre fag med unnatak om du skal bli trenar eller fysioterapeut. Og desse arbeidsplassane er i dag opptekne og oversøking til.

– Ynskjer vi at elevane skal bruke det vidaregåande opplæringstilbodet for å bli flinkare i hobbyane sine, eller har vi eit samfunnsansvar å bu dei til vidare studie?, spør dei.

Øydelegg fagmiljø

Dette handlar også om å ha ein viss grad av føreseielegheit. Det er viktig med kontinuitet i tilbodet ved ein skule, både for elevar, foreldre og tilsette. Forskjellen på ein og to parallellar på studiespesialiserande er stor når det kjem til tilbod i programfag.

I første omgang vil føreslegne kutt bety ein reduksjon i elevtal på om lag 60, frå 380 til 320. I eit treårsperspektiv vil konsekvensane bli store.

– Å skalte og valte opp og ned med klassar år for år fører til uføreseielege og øydelagde fagmiljø og personalmessige utfordringar, og dette er heller ikkje til elevane sitt beste, påpeikar dei tillitsvalde.

Det er også misnøye med framlegget om å ikkje starte opp vg2 data og elektronikk. Her var det sju søkjarar, og det er sett åtte elevar som grense for oppstart.

– Signala vi får er at det er aukande marknad for dataelektronikk, seier Per Magnus Myklebust.

Hardast kutt i Eid

I høve storleik er Eid vgs. den den skulen fylkesdirektøren vil redusere desidert mest i fylket. Totalt reduserer Sogn og Fjordane tal grupper med to neste skuleår, og altså tre ved Eid vgs. Avgjersla er gjort det etter sjuande prøveinntaket, og dei tillitsvalde ved Eid vgs. er overtydde om at dersom ein hadde valt eit anna prøveinntak som endeleg, ville tal elevar ha fordelt seg annleis, og Eid vgs. kunne då halde fram med to parallellar på studiespesialiserande. – Ein klasse studiespesialiserande og ein klasse studieførebuande (idrett) på Firda, vil stå seg fint saman med to klassar studiespesialiserande på Eid. Dette vil føre til eit breiare tilbod programfag på begge skular, og ikkje berre på den eine, poengterer dei tillitsvalde, som understrekar at dei er for eit så godt tilbod til alle elevar som mogeleg.

Får dårlegare grunnlag

Med ein klasse vil ein på vg2 og vg3 berre kunne tilby eit langt mindre programfagtilbod noko som vil gje elevane eit dårlegare grunnlag for vidare utdanning til høgskular og universitet, der det i dag er 40 % som avbryt og eit ukjent tal som stryk. Eit eksempel er sjukepleiarutdanninga i Ålesund, der ein ser ein samanheng mellom kven som har programfaga kjemi og biologi på vidaregåande og meistringsgrad gjennom studiet på høgskulen.

Både i Sunnfjord og Sogn har dei skular med mange parallellar, men det har ein no ikkje i Nordfjord. Dei tillitsvalde fryktar at dette vil gå ut over samfunn, bedrifter og næringsliv. Dei viser til at det er mange yrkesgrupper som må gå via studiespesialisering for å verte utdanna, til dømes sjukepleiarar, legar og ingeniørar.