Dette vart nyleg klart i kommunestyremøtet i Vågsøy, som framleis pågår. Framlegget kom frå Høgre, som ønskte meir tid til å bestemme seg i saka.

Årsaka til at Høgre ønskjer ei utsetting er ifølgje fungerande gruppeleiar Kristian Skibenes at det har vore ei hektisk tid for mange av medlemmene i Vågsøy Høgre, og at ein derfor ikkje har fått diskutert saka grundig nok.

Dermed må ein vente ei veke på å få svaret på om Kinn kommune blir ein realitet.