Nyleg var det årsmøte i Eid IL Fotballgruppa, og der vart det vald nytt styre. Etter eitt år ute av styret, er Jannicke Hagen Henden tilbake som styreleiar.

– Etter eitt års pause er eg meir klar enn nokon gong til å bidra for fotballen i Eid IL, seier Hagen Henden.

Samfunnsaktør

Ho er svært oppteken av å vise fram kva idretten generelt og fotballen spesielt betyr for barn og unge sine oppvekstvilkår.

– Ein kan jo berre prøve å tenkje seg eit samfunn utan idrett. Eit slikt lokalsamfunn er det nok ikkje mange som ville ha budd i. Derfor ser eg på det som ei viktig oppgåve å synleggjere kva vi faktisk betyr, spesielt inn mot det politiske miljøet, seier Hagen Henden.

Stor erfaring

Ho kom inn i styret i fotballgruppa i Eid IL i 2010 og sat der til og med 2015. I fire av desse åra var ho styreleiar. Det siste året er det Stein Inge Strøm som har hatt dette vervet.

– Stein Inge har gjort ein veldig god jobb det året eg har vore ute, seier Hagen Henden.

Ho meiner at klubben i framtida bør legge endå større vekt på inkludering og dei sosiale rammene rundt idretten.

– Dette gjeld både i forhold til spelarar og foreldre. Vi vil ha flest muleg med lengst muleg, og vi ønskjer endå fleire vaksne som engasjerer seg. Det treng ikkje vere på den sportslege sida. Det kan like gjerne vere noko så enkelt som kiosksal på kampar. Vi treng folk på alle felt, understrekar ho.

Stor gruppe

I fjor var det 280 registrerte spelarar i Eid IL Fotball. I kommunen kjem fotballgruppene i Heia og Haugen i tillegg.

– I tillegg kjem alle trenarar, leiarar, dommarar og lagleiarar, så vi er frykteleg mange. Likevel har vi den same utfordringa som alle andre aktivitetar - det store fråfallet når ungane blir ungdommar. Her må vi prøve å gjere noko, seier Jannicke Hagen Henden, som understrekar at Eid IL Fotball skal vere ein breiddeklubb.

– Vi er mest opptekne av å skape gode miljø der alle kan vere med. Dei spissa tiltaka skal i all hovudsak gå gjennom fotballkretsen, seier ho.

Den nye styreleiaren varslar at det vil kome ein ny sportsplan for klubben i løpet av våren.

– Visse endringar når det gjeld mål og visjonar vil det nok bli, seier Hagen Henden.

Kvinnefleirtal i styret

I tillegg til Jannicke Hagen Henden som er tilbake som styreleiar etter eitt års pause, er dette det nye styret i gruppa: Geir Moldestad, Sveinung Alværn, Eli Bente Lote Henden, Silje Bakke, Lars Olav Holmøyvik, Hilde Larssen, May Brith Haaland og Audun Kullsveen. Hallgeir Sandal er varamedlem.

– Eg er glad for samansettinga av det nye styret. Det ligg godt til rette for at vi kan fordele oppgåver på ein tenleg måte, seier Jannicke Hagen Henden.