No kan du høyre romantiske operasvisker og storslegen messe.

Dei har øvd kvar dag den siste tida. Orkesteret tel 40 musikarar. Den kjende tenoren Evan Bowers er komen på plass, saman med bassen Magne Fremmerlid, slik at ensemblet er komplett.

Alle medverkande gler seg til den siste, inspirerande innspurten, når alle endeleg er samla, og Puccini sin vakre musikk får den siste finpussen saman med dirigent Michael Pavelich.

Todelt program

Programmet er todelt, med kjende operautdrag frå La Bohème, Manon Lescaut, Madama Butterfly og Tosca i første avdeling og det storslegne korverket Messa di Gloria. Den vakre messa låg vekkgøymt frå premieren i 1878 til den vart gjenoppdaga i 1952, og no får publikum ein unik sjanse til å høyre dette verket, som aldri har vore framført i fylket før.

I tillegg til messa får vi mellom anna høyre den vakre Intermezzo frå Manon Lescaut, Preludio Sinfonico og den kjende duetten mellom Pinkerton og Sharpless frå Madama Butterfly. Heile programmet vert ei oppvisning i velklang og musikalske høgdepunkt.

– Opera Nordfjord garanterer høg gåsehudfaktor når unge korstemmer blandar seg med vaksne, erfarne koristar og profesjonelle solistar og musikarar, seier Kari Pavelich.

Publikum kan oppleve konserten i Trivselshagen på Sandane fredag 24. mars, i Operahuset Nordfjord laurdag 25. mars og i Førdehuset søndag 26. mars, fortel Kari Pavelich.