Då inviterer nemleg Eid IL Fotball alle jenter i alderen 6-12 år til jentefotballens dag i idrettshallen ved Nordfjordeid skule. Her er det berre jenter som er inviterte, så det blir heilt gutefri sone.

– Her er det leik og moro som gjeld. Det blir berre kvinnelege instruktørar og deltakarar. Absolutt alle er velkomne, og ein har spelt fotball tidlegare eller ikkje, seier styreleiar i Eid IL Fotball, Jannicke Hagen Henden.

Ho håpar på god oppslutning om tiltaket.

– Vi ønskjer å skape blest om jentefotballen, så dette er eit rekrutteringstiltak vi har tru på. Vi skal vere berre jenter og damer som samlast til to timar med moro, seier Hagen Henden.