– Det blir livleg i senteret kan eg seie. Maskotane våre Oscar og Amfelia blir store, og skal ha litt leikar og moro for dei minste. Vi får elektriske jungeldyr, som barna kan køyre på gjennom senteret, det blir ballongslepp med premiar inni, skattejakt på flaskepost og mykje meir, fortel senterleiar Gro Gjerdevik.

Kurs i hjartestart

– Vi har hatt mykje fokus på intern kursing av tilsette den siste tida. Vi har nyleg gjennomført eit kurs i bruk av hjertestartar, der Eid Røde Kors har kursa oss. Hjertestartaren fortel kva ein skal gjere viss uhellet skulle vere ute. Dette har vore eit svært givande kurs, som eg varmt vil anbefale til andre, fortel Gjerdevik.

Det finst ein hjertestartar på Amfi Nordfjord, som er plassert like ved sidan av Vitus apotek.

– Det vil alltid vere nokon til stades som er kursa i bruk av denne, viss ein skulle trenge det seier ho.

Senteret vil halde fram med kursing av dei tilsette, og i slutten av månaden blir det kursing i tjuveri – og sikkerheit.

Gode tal

Amfi Nordfjord har drive i fem månader, og kan ifølgje senterleiaren skilte med god omsetting på linje med Amfi i Ørsta.

– Vi har 24 butikkar, i Ørsta har dei 32. Likevel ser vi at vi ligg berre eit par millionar bak dei i omsetting på dei to første månadene i år. Vi er veldig nøgd med denne gode utviklinga, og vi ser at det er mange som vel å legge storhandelen til Eid, seier ho.

Det er først og fremst Amfi i Ørsta som er den største konkurrenten.

– Førde er eit stort handelssentrum, og det vil alltid vere slik at folk reiser til Førde når ein har ærend der. Det er raskare å reise til Ørsta frå Måløy, Eid, Selje og Stryn enn til Førde. Dei ligg i randsona vår begge to. Men vi ser at vi klarar stoppe kundane her på Eid, forklarer Gjerdevik.

Kickstart på våren

Når Amfi Nordfjord har prisfest er det eit samlingspunkt for mykje folk.

– Mange kjem tilreisande frå områda rundt. Og då blir det eit godt høve til å treffe venner ein ikkje har sett på ei stund. Mange av klesbutikkane har også fått in vårmoten, og no er det eit gunstig tidspunkt å handle inn desse på. Ein kan gjere gode handlar på Eid i heile helga, og vi lagar til eit komplett tilbod som er veldig kjekt, seier Gjerdevik.

God stemning

Heile kjøpesenteret vert pynta i festlege vårfargar, og det blir gode tilbod og god stemning heile helga. Prisfesten startar torsdag og held fram til og med laurdag.

Vil det komme inn nokon nye butikkar snart?

– Ja, men eg kan ikkje seie noko meir om dette, for alle papira er ikkje signerte endå, seier Gjerdevik.

FRÅ OPNINGA: Amfi Nordfjord har halde ope i fem månader, og ligg godt an dei to første månadene i mars. Ifølge Gro Gjerdevik ligg omsettinga berre eit par millionar bak Amfi Ørsta til samanlikning. Foto: Anita Ingebrigtsen
VENTAR MYKJE FOLK: Senterleiar Gro Gjerdevik håpar mange vil ta turen til Amfi Nordfjord desse dagane. – No er vårmoten komen i butikkane, så det kan vere lurt å nytte høve, seier Gjerdevik. Foto: Anita Ingebrigtsen
MONTERT HJERTESTARTAR: Tilsette og personale ved Amfi Nordfjord er nyleg kursa i bruk av hjertestartar. Denne står montert ved sidan av Vitus apoteket inne i senteret. Foto: Anita Ingebrigtsen
GODE TILBOD: Her eit bilde frå opningsfesten til Amfi Nordfjord oktober 2016. Foto: Anita Ingebrigtsen
KREATIVE HJØRNE: Viss ein treng ei lita handlepause, kan ein ta turen inn og kikke på dei mange bilda som heng i det kreative hjørne, og alle dei flotte utstillingane som heng der. Foto: Anita Ingebrigtsen
MORO FOR BARNA: I år kan barna køyre gjennom senteret ved å sitte på elektriske jungeldyr. Foto: Anita Ingebrigtsen
LEIKEROM: I Amfi Nordfjord har ein eige leikerom for dei minste. Foreldra kan nyte ein kopp kaffi, medan ungane leiker her. Her eit bilde frå ein tur Eid barnehage hadde til senteret. Foto: Anita Ingebrigtsen