Frå ein tidlegare fartskontroll.
            (Foto: Arkiv)

Frå ein tidlegare fartskontroll.Foto: Arkiv

To miste lappen i Hornindal

Fleire var for harde på gasspedalen i Hornindal i dag.

Politiet heldt fartskontroll i ei 60-sone i Hornindal måndag. To førarar fekk førarkortet beslaglagt. Dei to vart målt til høvesvis 89 og 90 kilometer i timen.

Utover dette fekk 14 førarar ilagt førelegg.

I morgontimane måndag vart det også meldt om hjortepåkøyrslar. Dette skjedde i Myklebustdalen i Bremanger og på Reksnes i Eid. Viltnemda vart varsla i begge tilfelle.