Klenkarberget sommarcamp utvidar med tre aktivitetshelgar denne våren og hausten.

Overnattingstur i klubbhuset

Kommande helg blir det overnatting i klubbhuset med kjekke aktivitetar barna sjølv skal planlegge og organisere.

Finne vegen

Medio mai blir det tur, der ungane skal utforske naturen i rein Lars Monsen-stil. Ungane skal sjølv finne fram til overnattingsstaden sin ute i naturen.

– Med inspirasjon frå diverse fjernsynsprogram skal barna transporterast til eit ukjend område, med bind for auga. Ved hjelp av kart og kompass skal barna komme seg fram til overnattingsplassen og samarbeid, planlegging, retningssans og motorikk blir testa. Kjem ikkje gruppa seg fram til overnattingsplassen før det blir mørkt, må ein finne ein eigna plass å tilbringe natta, seier Ingrid Oselie Naustdal.

Surfing på Stad

Har du lyst til å bli med på surfing på Stad, kan du melde deg på allereie no. I september blir det mulegheit å lære seg å surfe. Frå 23. til 24. September kan ein vere med på surfing på Stad.

Alle aktivitetane er for barn som går på barneskulen inneverande skuleår. Det er opp til føresette å vurdere om barnet har føresetnadane som skal til for å vere med på dei forskjellige aktivitetane. Alle som deltar må klare å følgje reglar og ta beskjedar frå vaksne.

– Vi håpar mange får lyst til å melde seg på, og at alle som deltek får flotte opplevingar, seier Naustdal.

Klenkarberget sommarcamp sommaren 2016. Foto: Anita Ingebrigtsen