– I utgangspunktet skulle eg ønskje at ein var tydelegare på at Rv. 52 skal prioriterast som hovudsamband. No får vi i staden ei funksjonsdeling, men den tenkjer eg vi bør kunne leve greit med her i fylket. At Rv. 52 Hemsedal blir peika på som hovudsamband for næringstransport tilseier at det etter kvart vil kome store investeringar der for å sikre kort reisetid og vinterregularitet. Det vil tene Sogn og Fjordane og heile nordvestlandet på ein god måte, seier Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre.

Han meiner at det for så vidt bra at ein også signaliserer ein vilje til å gjere utbetringar på Rv. 7. Villreinproblematikken er heilt reell, og det er bra at ein vil bøte på denne - og satse vidare på Hardangervidda som turistveg og samband for dei som har dette som kortaste veg.

– Det er framleis mykje planlegging som må gjerast før ein får utbetra Hemsedal tilstrekkjeleg. No forventar eg at de blir fart i planlegginga, og eg vil som stortingsrepresentant jobbe for at det blir satt av tilstrekkjeleg med midlar til Rv. 52 i dei årlege budsjetta, seier Rotevatn i ein kommentar til trasevalet.

Kvar ein skal investere

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) forklarer at samarbeidspartia er samde om at ein ikkje skal velje berre ein av Rv 52, Rv 7 og E 16 som den andre hovudvegen i tillegg til E134, men at ein legg opp til ei funksjonsdeling mellom desse vegane.

Han seier at det å peike ut ein hovudveg handlar om kvar ein skal investere når reisetid skal reduserast, slik at ein naturlig kanaliserer transportetappane inn på desse vegane, men ein har heile tida sagt at ingen av vegar skal bli gløymde fordi alle har ein viktig lokal og regional rolle. Derfor vil vedlikehaldet bli trappa opp, og alle vegane skal oppfattast som betre om ti år enn i dag.

Samarbeidspartia er samde om at det bør leggast ulike strategiar for kvar av vegane. Rv 52 skal vere hovudvegsamband for næringslivet og det øvrige trafikkbehovet frå den nordlige delen av vestlandet i eit 2050 perspektiv.

  • Rv 7 Hardangervidda skal utviklast som hovudvegsamband for persontrafikk, med stor vekt på dei muligheitene som finst for turisme, og med omsyn til villreinproblematikken.

  • Rv 52 Hemsedal skal være hovudvegsamband for næringstransport. Her skal det leggast vekt på å få trafikken bort frå sentrum og få opp fart og vinterregularitet.

  • E16 er vintersikker, men er den som har lengst køyreavstand Oslo-Bergen. Vegen skal fullførast og vil være ein viktig avlastningsveg når andre fjellovergangar er stengt, i tillegg til å betene dei områda som den betener i dag.

For Rv 52 betyr dette at det er her det er behov for tiltak som gjer vegen attraktiv for næringslivet, det vil seie, kortare reisetid og betre vinterregularitet. Framover skal det jobbast vidare med kva tiltak som skal inngå i det. I det inngår også kva tiltak som skal gjerast på vegane fram til Rv 52, mellom anna på Rv 5.

– Dette er langsiktige strategiar som vil ta tid å realisere. Eg vil  følgje opp Rv 52 framover og arbeide for å få prioritert dei langsiktige tiltaka på Rv 52 og dei tilgrensande vegane frå vårt fylke, seier Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Høgre og medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen i Stortinget.

Samarbeidspartia har store ambisjonar for utviklinga av samferdselsløysningane. Det er allereie varsla at det skal brukast 1000 milliardar kroner på samferdsel dei neste årene. Ein har også ambisjonar utover dette for den langsiktige utviklinga av vegnettet fram mot 2050.

Lødemel opplyser at det i den komande NTP vil det bli lagt inn pengar til strekningsvise utbetringar på alle strekningane. Dette er tiltak som kan komme raskt i gang. Det vil kalla «samordningsstrekninger» - der Statens vegvesen får mulegheit til å bruke mindre beløp for å utbetre kritiske flaskehalsar utan at det blir definert som store, enkeltståande prosjekt. Kva slag større tiltak som skal startast opp må vurderast fram til neste NTP for å finne dei tiltaka som gjev best nytte og størst effekt for pengane som skal brukast. Alle større tiltak på Rv7/52 er i dag på KVU/KS1-nivå, og mykje planlegging står igjen før sikre kostnads- og verknadstal er på plass.