Jan Ketil Smørdal og Cirkus Agora har investert i nytt telt og ny bilpark, og sirkusdirektøren er klar for ein omfattande turné landet rundt no i 2017.

Etter nokre år med arrangement i mindre skala har lengselen tilbake til sagmuggen og det ekte sirkuslivet teke overhand for 52-åringen, og Cirkus Agora rullar igjen på vegen med turnéplan som startar med premiere på Sotra onsdag denne veka og held fram med framsyningar på Askøy og Bergensområdet. I Eid blir det sirkusframsyningar 22. og 23. april.

– Det er kanskje litt galskap å satse så friskt igjen. Vi har investert i nytt telt og satsar på kvalitet i staden for kvantitet, seier ein oppglødd Jan Ketil Smørdal. Han har mange gode støttespelarar frå familien og andre rundt seg, og gler seg stort til å kome i gang.

– Vi har sjonglør i verdsklasse, ein balansekunstnar frå Italia, det blir luftig akrobatikk og sjølvsagt ein morosam klovn, for å nemne noko, fortel Smørdal. Han gler seg spesielt til å vise fram handstandakrobaten Leroy Quaiser frå Tyskland; han var berre seks år då han kom til Cirkus Agora og har trena seg opp til å bli svært dyktig i denne krevjande disiplinen.

Unike triks

Det er elefantforbod på sirkus i Norge, og dyr er ikkje lenger hovudattraksjonane, men nokre dyr er likevel med når Smørdal dreg ut på turné, mellom anna hunden Boffo som ifølgje reklamen er ein smart hund som elskar å trene og opptre og som saman med Helena frå Slovenia viser sine unike triks for første gang i Norge. Publikum får også møte dei firbeinte sjarmørane, shetlandsponniane Felix og Alex.

Det starta for 40 år sidan

Det er no 40 år sidan Smørdal si eventyrlege karriere starta med trening på line oppspent mellom epletreet og utedoen heime på garden Smørdal i Hjelmelandsdalen. Han opptredde på denne lina i sin eigen konfirmasjon i 1978, og debuterte som artist som 16-åring. Jan Ketil Smørdal jobba som sirkusartist med halsbrekkande øvingar på slakk line både i inn- og utland og starta sitt eige sirkus Cirkus Agora i 1989 som han reiste rundt med  til 2009.

Dei siste åra har Smørdal hatt firmaet Cirkus Agora AS som har hatt oppdrag for Den kulturelle skulesekken, i fornøyelsesparkar, på festivalar og gallaframsyningar og på asylmottak. Ja, til og med sirkusgudstenester har blitt arrangert.