Eid IL fekk gode plasseringar i SSF-cupen samanlagt. Frå venstre Ingebrigt Nes Hjelle, Esekiel Henden og Tørres Bjelland Nøstdal. (Foto: Privat )

Eid IL fekk gode plasseringar i SSF-cupen samanlagt. Frå venstre Ingebrigt Nes Hjelle, Esekiel Henden og Tørres Bjelland Nøstdal. Foto: Privat

Til topps i fylkescupen langrenn

Esekiel Henden (G11) og Ingebrigt Nes Hjelle (G13) har vunne Sogn og Fjordane cupen samanlagt etter siste konkurranse i Førde i dag.

Sogn og Fjordane cupen langrenn (SSF-cup), vart i dag avslutta med konkurranse friteknikk i Førde.

To langrennsutøvarar frå Eid gjekk til topps i sine klasser. Ingebrigt Nes Hjelle vart best i klasse 13 år, med 122 poeng. I klasse 11 år gjekk Esekiel Henden til topps samanlagt, med 104 poeng.

I klasse 12 år blei Tørres Bjelland Nøstdal nummer tre samanlagt. Alle desse tre representerer Eid IL.

SSF-cup består av til saman sju konkurransar innan langrenn gjennom vintersesongen. Dei fire beste løpa til kvar einskild blir lagt saman til slutt.


Resultat SSF-cup, deltakarar frå Eid:

Gutar 11 år:

1. Esekiel Henden 104 poeng

6. Ragnar Nes Hjelle 59 poeng


Gutar 12 år:

3. Tørres Bjelland Nøstdal 92 poeng

10. Lukas Endal Andersson 55 poeng


Gutar 13 år:

1. Ingebrigt Nes Hjelle 122 poeng