Det er butikken Til Bords på Nordfjordeid som har teke initiativet til denne bryllaupsmessa, som dei no håpar kan bli årleg. Dei har fått med seg tretten andre bedrifter/butikkar, i hovudsak etablert på Nordfjordeid.

Tips og råd

Og mange hadde møtt opp på messa på Nordfjord hotell, både dei med bryllaupsplanar og andre. Det var stand med alt frå blomster og kaker, til dekketøy og service, sminke og velvære. Fotografen Eide på Nordfjordeid var ei av dei som var med, og innehavar Kristin Rødven Eide er godt nøgd med det nye samarbeidet.

-Vi ser at samarbeid innan handelsnæringa i Eid sentrum er bra. Eg seier at vi må gjere kvarandre gode, og dette er eit eksempel på at eit samarbeid gjer til at kunden blir meir nøgd. Vi kan tilby ein heilskap for dei handlane i Eid, og det er positivt for handelsnæringa på staden, seier Rødven som sjølv tek bilde av rundt 18 brudepar i året.

-Bryllaupsdagen er heilt spesiell. Eg vil at mine kundar skal oppleve at dei står i sentrum den dagen. Difor vil eg ikkje ta på meg for mange bryllaup når det gjeld fotografering. Men det er veldig bra at vi no i Eid sentrum kan hjelpe bryllaups-kunden til å finne fram til det beste for akkurat den dagen, seier Rødven Eide.