Dette er det svenske punk-bandet Refused, som vil vere ein av hovudattraksjonane laurdagen.

Frå før er namn som Biffy Clyro, Karpe Diem, Alan Walker, Åge Aleksandersen & Sambandet og Turbonegro klare for Malakoff Rockfestival, som blir arrangert på Nordfjordeid 20.-22. juli. Årets festival blir den første som går over tre dagar.

På festivalen si heimeside kan du få meir informasjon om Malakoff17.