Sogn og Fjordane fylkeskommune har sidan 2012 jobba for at kommunane i fylket skal få på plass kulturminneplanar.

Skal synleggjere kulturarven

– Arbeidet har teke tid, men det er svært kjekt å sjå at fleire kommunar no kjem i mål med kulturminneplanane sine», seier Sigrun Espe, prosjektleiar for Lokale kulturminneplanar i fylkeskommunen.

Eid starta arbeidet med kulturminneplanen «Kommunedelplan for kulturarv 2017-2029» i 2014.

– Målet med kommunedelplanen er å synleggjere kulturarven vår, og legge til rette slik at denne kan utviklast som ein ressurs for samfunnet vårt, seier Cecilie Marie Åshamar i Eid kommune.

Lokalt engasjement viktig

Åshamar og Gerd Fløde Bjørlo har hatt ansvaret for planprosessen sidan 2014. Eit viktig mål i arbeidet har vore å få med kulturminne frå kvar grend i kommunen og å engasjere innbyggjarane. Kommunen har snakka med innbyggjarane rundt om i heile kommunen, og har vorte møtt med mykje engasjement.

– Dei mange ulike historiene vi fekk høyre, viser at vi har mykje felles, men også at det er kulturminne og kulturarv som er med og gir dei ulike grendene særpreg og identitet, seier Åshamar.

«Eidasamfunnet sin kjerneverdi er å invitere. Vi ynskjer difor å invitere til å oppleve og utvikle kulturarven i Eid, slik at fleire kan lære om og ha glede av vår felles kulturarv», skriv Eid kommune i innleiinga til planen.

Med planen som utgangspunkt, kan alle oppdage verdien kulturminna har som  felles arv og identitet. Meir kunnskap og interesse vil igjen føre til at alle tek betre vare på kulturminna og vernar dei for framtida.

Samarbeid mellom eigar og kommune

Eid kommune ønskjer å samarbeide med enkeltpersonar, lag og organisasjonar for å få fram utviklingspotensialet til dei utvalde kulturminna, kulturmiljøa og kulturlandskapa.

– Dei kulturminna som vert tekne med og løfta fram i ein kulturminneplan, har større sjanse for å få støtte frå til dømes kulturminnefondet, seier Espe.

Både privatpersonar og organisasjonar kan få midlar frå kulturminnefondet til å setje i stand kulturminne. Eid kommune på si side er klåre på at dette er noko dei vil satse på også i tida framover.

– Vi ynskjer i åra som kjem å satse på tiltak som legg til rette for at eit mangfald av aktørar kan bygge vidare og utvikle kulturarven vår og skape små og store opplevingar basert på denne, seier Åshamar.

• Vegarbeidarar ferdigstiller riksveg 15 ved Holmøyneset. Foto: Isak Isaksen Hellebust, ca. 1911. Kjelde: Fylkesarkivet Foto: Isak Isaksen Hellebust