Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.
            (Foto: Arkiv)

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.Foto: Arkiv

Nei i Vågsøy – ja i Flora

Svaret på innbyggarundersøkinga om samanslåing av Vågsøy og Flora er no klar.

Undersøkinga viser, i følgje Fjordenes Tidende, at det er eit klart fleirtal for sammenslåing i Flora, medan det er fleirtal imot ei samanslåing i Vågsøy.

Den siste veka har Sentio Research gjennom telefonintervju spurt 1.400 av innbyggarane i dei to kommunane (800 i Flora og 600 i Vågsøy) om dei er for eller imot en samanslåing av Flora og Vågsøy.

I Flora har 65 prosent sagt at dei støttar ei samanslåing, medan 19 prosent er imot. I Vågsøy er 55 prosent imot ei samanslåing, medan 31 prosent er for.