Mellom 8. og 28. mars går det føre seg ein storstilt batterijakt landet over. Det er 4. klassingar over heile landet som deltek i «Batterijakten 2017». Målet er å auke kunnskapen om batteri som miljøsyndar, og få opp returgraden av brukte batteri.

Gjenvinning

Det er miljøvernorganisasjonen Miljøagentene som arrangerar Batterijakten. I samarbeid med Claes Ohlsson, NORSIRK og Varta utfordrar dei alle 4. klassingar i Norge til å kome seg ut, samle inn batteriar i heimar rundt om, jakte på eventuelle batteri ute i naturen, lære seg meir om gjenvinning av såkalla EE-avfall og gjere alle rundt seg medvitne om korleis batteri vert produsert, brukt og kasta.

Vann i forfjor

I forfjor vann Kjølsdalen denne konkurransen. Det vart feira med iPad til vinnarklassa, kake og besøk frå Miljøagentene. I fjor kom ein på ein særs heiderleg 4. plass. Årets 4. klassingar satsar like friskt, og ligg pr. 15. mars på 3. plass på gjennomsnittslista for vekt pr. elev. Uansett kva plassering ein kjem på er aksjonen viktig både for kvar enkelt elev, men også for miljøet vårt som heilskap. Batteri er ein av dei siste veldig vanlege produkta rundt oss med stort skadepotensiale som ikkje vert resirkulert i same mengder som t.d. bil, papir, flaskar, boksar, plast og mat.

– Dette skal vi saman gjere noko med, heiter det i ei melding frå Kjølsdalen Montessoriskule.

2000 tonn batteri

Kvart år kjøper vi heile 2000 tonn med batteri i Norge. Av desse blir over halvparten kasta rett i søpla eller – endå verre – i naturen! Den vanlegaste batteritypen er det vi kallar husholdningsbatteri eller alkaliske batteri. Dei er eingongsbatteri som brukast i leikar og småelektronikk, og det er desse batteria som skal samlast inn under Batterijakten. Dei inneheld ikkje skadelege miljøgifter, men det er likevel viktig at desse batteriene gjenvinnast, fordi vi kan bruke dei forskjellige delane til nye ting.

Lærerikt og moro

Konkurransen gir alle fjerdeklassingar sjansen til å lære seg meir om gjenvinning, kretsløpstenking og korleis vi kan bli betre til å ta vare på jordas ressursar. Med Batterijakten kan ein gjere ein enkel og viktig innsats for miljøet medan ein har det gøy saman.