Gåsenebb-kvalen som stranda på Sotra med magen full av plast har vekt stort engasjement, også i vår kommune.

Vigdis Heimdal Reksnes og Eid SV har sendt ein interpellasjon til ordføraren i Eid der dei stiller ei rekkje spørsmål, mellom anna kva tiltak har eller vil Eid kommune setje i verk for å hindre og rydde opp i marin forsøpling og om Eid kommune støttar prosjekt og frivillige som til dømes driv med strandrydding.

Kunstgrasbaner og ballbingar

SV-aren vil også ha svar frå ordføraren på kor mange av kunstgrasbanene og eventuelt ballbingane i Eid kommune som har fyllmasse som består av oppmalte bildekk, om granulert gummi framleis vert nytta ved nyetablering og kva tiltak Eid kommune vil setje i verk mot avrenning av granulat frå kunstgrasbaner og annan mikroplast til vassdrag og sjø.

Åtte millionar tonn årleg

– Plastforsøplinga i havet kjem til å bli verre om vi ikkje gjer noko no. Plast utgjer den største delen av alt marint avfall og kan bli verande i havet i hundrevis av år. Forskarane fortel oss at om vi ikkje gjer noko, vil det om 30 år vere meir plast enn fisk i havet. Overslag i ein ny rapport, World Economy Forum; The New Plastics Economy: Rethinking the future of plastics, seier at det hamnar rundt 8 millionar tonn plast i havet kvart år. Mengda plast er venta å doble seg innan 2030 og firdoble seg innan 2050, poengterer Reksnes.

Drep fisk og sjøfugl

I interpellasjonen peikar ho på at plasten drep fisk, sjøfugl og andre dyr som følgje av kveling og andre livstruande skadar. Plast vert også brote ned til mikropartiklar, går inn i næringskjeder, og vert verande i miljøet i hundrevis av år framover. Fossil plastforsøpling av havet er eit internasjonalt miljøproblem, som må løysast med internasjonal samarbeid.

Mykje marin forsøpling skjer også lokalt og SV-politikaren er oppteken av at Eid kommune også må sørge for at ein ikkje bidreg til plastforureininga.

Mikroplast-forureining

Hold Norge rent arrangerer kvart år Strandryddedagen der dei registrerer kva søppel som er vanlegast å finne. Her finn ein at personleg forbruk kan vere kjelda til rundt 45 % av det marine avfallet som blei samla inn i fjor. På ti på topp lista finn ein mellom anna tau, drikkeflasker, isopor, korkar, bomullspinnar, pakkeband og strips.

– Dette er søppel som vi kan sjå. Mikroplast er plastbitar som er mindre enn fem millimeter. Ei kartlegging anslår at dekkslitasje er den største kjelda til mikroplast-forureining med 58 %. Deretter følgjer gummigranulat frå kunstgrasbaner med 17 %, måling med 12 %, tekstilar 8 %, plastpellets 5 % og kosmetikk med 0,1 %.

– Vi veit for lite om kva skadar mikroplast kan føre til. Ny norsk forsking har studert mikroplast i magen på torsk. Studien viser at 3 % av torsken langs norskekysten har plast i magen. I hamnebassenget i Bergen har heile 27 % av torsken slukt plast, skriv Vigdis Heimdal Reksnes i interpellasjonen.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) opplyser til Fjordabladet at Vigdis Heimdal Reksnes (SV) vil få svar på spørsmåla som er stilte i neste kommunestyremøte, altså 4. mai.

TILTAK: Eid SV ønskjer tiltak mot avrenning av granulat frå kunstgrasbaner. Foto: Anna Wuttudal