Lenke til filmen

Filmen «Thea» er laga av Frederika Dolezelova, Eline Jacobsen Lillestøl, Katrine Vedvik og Siara van Hesik Førde som eit prosjekt i samband med Medie- og informasjonskunnskap, eit programfag på studiespesialiserande ved Eid vidaregåande skule.

–  Det er eit veldig gjennomtenkt prosjekt med godt gjennomarbeidd manus, seier medielærar Irene Hillestad. Ho er ikkje så lite stolt over at filmen er nominert både i kategorien «Beste regi og manus» og «Publikumsprisen». Hillestad fortel at elevane byrja å jobbe med filmprosjektet i januar. Dei fekk først ei teoretisk innføring og fekk så i oppgåve å lage ein film.

Mediefaget er berre fem timar i veka, og elevane har i tillegg til skuletida brukt mykje fritid på prosjektet. I tillegg til lærarkrefter på skulen, har dei også fått litt hjelp under filming og redigering av ungarske Kristof Asbot.

Om å bli sett

Filmen handlar om det å bli sett og kan i første omgang sjå ut til å handle om flørting og konkurranse mellom to utadvente, populære jenter om å få læraren si merksemd, men historia har ein uventa slutt.

–  Ikkje alle blir sett. Det handlar litt om usynleg mobbing, det å bli ekskludert, forklarer jentene.

Eline fortel at dei hadde ein heilt annan ide i starten. Dei laga ein plan, men den måtte justerast undervegs.

– Når vi først hadde fått spikra bodskapen, måtte vi ta mange klipp, så det ikkje vart for synleg, samstundes som at du skulle sjå det, forklarer Katrine.

– Det mest krevjande var å få fram historia om læraren og dei to elevane, for å skjule den verkelege historia, supplerer Siara.

Alle var med på alt og fekk prøve seg både på filming og redigering, men Fredrika var den som har brukt mest tid på redigeringsarbeidet. Ho fortel til Fjordabladet at ho har lyst til å gjere noko innan media etter at ho er ferdig på den vidaregåande skulen.

Fekk god hjelp

Dei unge filmskaparane reiser til filmfestivalen i Sogndal torsdag der dei skal vere med på fagdag og prisutdeling. Dei gjev ein god del av æra for at filmen har blitt så bra til gode hjelparar og vil gjerne takke dei som har stilt opp, både medelevar og lærarar, og ikkje minst Kristof Asbot.  For å få filmen i hamn, lånte dei ei klasse i ein time, og dei fekk ein førsteklassing, Alexander Baraki, til å stille opp i ei av hovudrollene, som lærar.

Du kan stemme på nettsida

Sogndal Filmfestival har fått over 40 filmar frå heile landet til kortfilm­konkurransen i år. Ein av prisane som blir delt ut er Publikumsprisen der ti filmar er nominerte. Publikumprisen blir kåra gjennom nettavstemming på nettsida til NRK Sogn og Fjordane. Premien er eit gåvekort til fotoutstyr.

Høg kvalitet

Filmane fordeler seg over fleire sjangrar og det er stort spenn i aldersgruppene til filmskaparane.

Jurysjef Stein Magne Os er nøgd med filmane juryen har fått til vurdering.

– Mange av filmane held høg kvalitet. Det er alltid givande å vere i juryen for Sogndal Filmfestival, og i år er slett ikkje noko unntak.

– Å sjå korleis dei unge brukar film som uttrykksform og gjennom dette få eit inntrykk av kva dei er opptekne, av er både spanande og interessant, seier Os til NRK.