Dette skjer på Fosshaugane Campus i Sogndal komande helg. Kretslaga skal spele mot kvarandre både laurdag og søndag.

I tre av dei fire kampane laurdag er det sett opp hovuddommarar frå Eid kommune. Dette er Steve Sibondagara, Abdinazir Abdi og Elias Åsebø. Dei to sistnemnde skal også vere hovuddommarar i kvar sin kamp søndag.

Fem Eid-jenter på same kretslag

På 2002-kretslaget for gutar er ingen lokale spelarar tatt ut i troppen. Heile 2002-troppen finn du her.

På 2003-kretslaget for gutar er Eirik Nor Midthjell, Eid IL, tatt ut i troppen. Heile 2003-troppen finn du her.

Ingen lokale jenter er tatt ut i 2003-troppen, men i 2002-troppen er heile fem jenter frå Eid IL tatt ut. Dette er Ellijanne Skrede Andersson, Veline Johansen (keeper), Oselie Henden, Karoline Alsaker og Miriam Berg. Heile 2002-troppen for jenter finn du her.