Multifix UB (f.v.): Jon-Henrik Sætre, Kristoffer August Vereide, Hallvard Os Nes og Audun Henden. (Foto: Yngve Tolaas)

Multifix UB (f.v.): Jon-Henrik Sætre, Kristoffer August Vereide, Hallvard Os Nes og Audun Henden. Foto: Yngve Tolaas

Utmerka seg på fylkesmessa

Ei ungdomsbedrift frå Eid vidaregåande skule gjorde det skarpt på fylkesmessa i Førde.

Multifix UB vart nemleg premiert i to kategoriar. Dei fekk andreplass både i konkurransen om beste utstilling og beste produkt. Multifix UB består av elevar frå første året Teknikk og Industriell Produksjon (TIP) ved Eid vidaregåande skule. Dei starta ungdomsbedrifta si i fjor haust. Konseptet dei jobbar med er produksjon av jordbærkorghaldarar, og dei har allereie fått bestilling frå to jordbærbønder i Gloppen.

 

Desse fekk prisar

ShoeSaver UB frå Årdal vgs. vart beste ungdomsbedrift i fylket og skal representere Sogn og Fjordane på NM for ungdomsbedrifter 4. og 5. mai på Lillestrøm. Produktet deira tek sikte på å verne skoa dine mot søppel, væte og gjørme når du er på festivalar.

 

Øvrige vinnarar på Fylkesmessa var :

1. plass Beste marknadsføring : ShoeSaver UB, Årdal vgs

2. plass Beste marknadsføring: Bit'n Byte UB, Hafstad vgs

1. plass Beste HR bedrift : ShoeSaver UB, Årdal vgs

2. plass Beste HR bedrift : Smak av verden UB, Måløy vgs

1. plass Beste utstilling : Agricultura UB, Mo og Øyrane vgs

2. plass Beste utstilling : Multifix UB, Eid vgs

1. plass Beste produkt : ShoeSaver UB, Årdal vgs

2. plass Beste produkt : Multifix UB, Eid vgs

1. plass Beste teneste : Bit'n Byte UB, Hafstad vgs

2. plass Beste teneste : Smak av verden UB, Måløy vgs

1. plass Innovasjonsprisen : ShoeSaver UB, Årdal vgs

1. plass Beste forretningsplan : ShoeSaver UB, Årdal vgs

1. plass Beste rekneskap : Focus UB, Sogndal vgs

1. plass Beste sosiale entreprenør : Mangfold UB, Flora vgs

2. plass Beste Ungdomsbedrift : Bit'n Byte UB, Hafstad vgs