Då Enivest fekk klarsignal om at dei fekk lov til å fortelje historia til Ruben og familien, sendte dei det lokale filmteamet frå Findriv og Rakkar til Bulandet for å dokumentere kva fiber betyr for det vesle øysamfunnet.

– Gode kundehistorier i filmformat er ein fin måte å fortelje om kva vi jobbar med og for, seier Christiane Ulriksen, ansvarleg for sal og marknad i Enivest. Ho takkar Ruben med familie for at dei har fått ein fin og mektig film som er med på å fortelje kva Enivest står for.

I filmen får vi innblikk i kvardagen til Ruben og familien, og korleis det er å bu lengst vest i havgapet. Ruben er både fiskar, kjøpmann og medeigar i tarebedrifta Seaweed, og kjend for å stå på for øysamfunnet. Han var ein av dei som tok initiativ til at Bulandet skulle få fiber.

– Det er så enkelt som at vi må ha det som alle andre har, og i dag er godt og stabilt nett nesten like viktig som straum og mobildekning. Om ein eller to familiar finn ut at det ikkje er godt nok å bu her, så kan det få store konsekvensar. Bedriftene er også avhengige av godt nett for å overleve, er bodskapet til Ruben i filmen. Flotte bilete av mektig, urørt og aude natur, syner at det ikkje er eit sjølvsagt område å ha fiber i.

– Å tilby fiber til Bulandet og Værlandet er ein stor og krevjande jobb for Enivest. Men det er også ein svært viktig jobb. Enivest ville vere med på å bygge Sogn & Fjordane for menneska og bedriftene her. Difor tek vi jobben med bygging av breibandsnett også i utkantane. Det er med på å løfte regionen vår inn i framtida, og dette er eit arbeid vi brenn for. Filmen er med på å dokumentere kva det betyr for innbyggjarane og bedriftene på Bulandet å ha fiber, seier Christiane Ulriksen.