–Måndag, på aksjonsdagen, besøkte russen husstandar i alle bygdelaga i Eid kommune og folk tok imot oss på ein veldig positiv måte og dei fleste var villige til å bidra. I tillegg til Eid var vi også på plass med bøssene i Hornindal, seier Andrine Hjelmeland, aksjonsansvarleg, og Rigmor Naustdal som hadde fullt opp å gjere med å putte både myntrar og små og store pengesetlar i teljemaskina hos Sparebanken Vest i morgontimane tysdag.

God sak

Krafttak mot kreft er Kreftforeningens årlege innsamlingsaksjon. Krafttak mot kreft 2017 har som hovudmål å samle inn 40 millionar til forsking på livsforlengande behandling og tilbod til pasientar med uhelbredeleg kreft og deira pårørande. I fjor samla aksjonen «Krafttak mot kreft» inn 37 millionar på landsbasis. I år er målet å samle inn 40 millionar kroner.

–For Eidarussen har «Krafttak mot kreft» blitt ein god årleg tradisjon. Alle kjenner sikkert ein eller fleire personar som har blitt råka av sjukdomen, difor er det viktig for oss å kunne vere med å bidra til ei så god sak som denne, seier Rigmor og Andrine.

5000 kroner

Medan russejentene heldt på med oppteljinga fekk dei ei god overrasking. Arvid Vonheim i Sparebaken Vest dukka opp med ein sjekk pålydane 5000 kroner til aksjonen.

–Vårt bidrag har to hensikter. For det første er det viktig for banken å bidra til ei god sak. Det er slik som også russen seier, at kreft kan råke folk vi kjenner og er glad i. For det andre ønskjer vi å støtte engasjementet som russen viser, sa Vonheim som samstundes oppmoda andre bedrifter til å gje eit bidrag til «Krafttak mot Kreft».

Vips

Nytt av året, og som så langt ikkje har kome med i den endeleg innsamlingssummen, er at ein kan nytte Vips.

–Vi merkar at det ikkje alltid er slik at folk har kontantar når vi bankar på døra. I og med at vi ikkje har betalingsterminal for bankkort, er det greitt å nytte vips, fortel russejentene og legg til at det er mogleg å vere med å støtte aksjonen anten ved å sende pengar via vips til 451015, eller til bankkonto 150307666056.

Under oppteljinga dukka Arvid Vonheim opp med eit bidrag på 5000 kroner frå Sparebanken Vest. Foto: Tormod Flatebø