Marianne Clementine Håheim (29) og Kjersti Wøien Håland (28) tek turen rundt til bibliotek i Nordfjord og fortel om forfattarskapen sin og om kvar dei finn inspirasjon til diktinga si. Hege Lothe leiar den litterære samtalen.  Onsdag 22. mars kjem dei to forfattarane til Eid bibliotek.

Fylkesbiblioteket står bak turnéen «Unge stemmer frå Sogn og Fjordane» i samarbeid med biblioteka.

–  Håheim og Wøien Håland har begge sterke historier å fortelje, og dei eksperimenterer samstundes med uttrykk og form, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen som håpar mange vil ta turen til biblioteket for å bli kjende med dei to som har hausta ros og god kritikk for utgjevingane sine.

– Det er jo ekstra kjekt når to frå fylket er blant dei nye stemmene som har markert seg i norsk litteratur dei siste åra.

Begge forfattarane skriv både dikt og prosa, og dei er begge representerte i antologien Ren poesi (2015), som inneheld dikt som først var publiserte på biletdelingstenesta Instagram.

- Turnéen er støtta av Fritt Ord, der stikkorda språkleg identitet, det nynorske litterære uttrykket og språk som kultur er sentrale, seier rådgjevar Maria Schumann ved fylkesbiblioteket som er ansvarleg for turnéen.

Om forfattarane

Marianne Clementine Håheim (fødd 1987) frå Jølster kom med si første bok i 2012, diktsamlinga Bilydar. «Oser av talent», melde Brynjulf Jung Tjønn i VG. «I Marianne Clementines poesi møtes litterær selvbevissthet med ekte fortvilelse», skreiv Bjarne Markussen i Fædrelandsvennen om utgjevinga. Tre år etter kom boka Svart belte, ei sterk historie om ei ung jente som sakte, men sikkert svelt seg sjuk. Som lesar får vi innblikk i verdsbiletet til ein anorektikar, vi opplever stålviljen og oppfinnsamheita hennar, korleis ho gradvis forsvinn inn i eit univers der dei kring henne ikkje lenger kan nå inn til ho.

Kjersti Wøien Håland (fødd 1988) frå Høyanger debuterte i 2013 med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti. Året etter kom romanen Dommedøgn, og i 2015 vart lyrikkboka Panikk! gitt ut. Dommedøgn handlar om bebuarar på staden Berg og deira kamp for tilveret under eit trugande fjell og i ein situasjon der hjørnesteinsbedrifta skal leggast ned. Boka vart nominert til Ungdommens Kritikerpris i 2015. I juryuttalen heiter det mellom anna: «…gripende beretning om hvordan menneskene som bor i Berg leter etter mening når hjemstedet deres er i ferd med å bli tømt for funksjon».

Marianne Clementine Håheim (fødd 1987) frå Jølster kom med si første bok i 2012, diktsamlinga Bilydar. Foto: Andris Søndrol Visdal