– Dette er svært dårleg språkpolitikk. At ikkje alle elevar skal lære både nynorsk og bokmål vil slå svært uheldig ut for nynorsken, seier Vibeke Johnsen, stortingskandidat for SV og leiar i Sogn og Fjordane SV som meiner det er viktig å satse på gode språkstyrkingstiltak for nynorsken som kjem til nytte både i Sogn og Fjordane og i resten av landet.

– SV går til val på det beste partiprogrammet for nynorsken i landet. Vi slår ring om språkmangfaldet og vil sikre reell likestilling mellom de to målformene nynorsk og bokmål på alle samfunnsområde, seier Vibeke Johnsen. Komande helg er det landsmøte i SV.

Styrke

I framlegget til arbeidsprogram på landsmøtet går SV inn for mange tiltak for å styrke nynorsken.

–Vi går til val på at det skal vere lett for nynorskelevane å halde fram å skrive nynorsk i ungdomskulen, vidaregåande skule, universitetet og i arbeidslivet, seier Vibeke Johnsen.

I følgje Johnsen er det vitige å sikre ein god overgang frå barnehage til skule i nynorskområda.

–Då må barna få nynorsk språkstimulering i barnehagen. SV vil sikre at barnehagelærarutdanninga gjev studentane god kompetanse i både nynorsk og bokmål. Vi vil at elevane skal lære to skriftspråk i Noreg, utanom dei samiske språkområda, og at dette er eit gode som ikkje skal svekkjast. Alle elevar skal møte både nynorsk og bokmål tidleg i skuleløpet. SV vil styrkje vilkåra for nynorsk i skulen og endre opplæringslova § 2-5 slik at også elevane på ungdomsskulen får rett på opplæring i hovudmålet og rett til å høyre til i eigen målformgruppe. Kunnskapen til eleven i sidemålet må vurderast, både på ungdomsskulen og i studieførebuande vidaregåande opplæring gjennom eigen standpunktkarakter og obligatorisk eksamen, seier Johnsen og legg til at SV vil sikre at lærarutdanningane gjev tilstrekkeleg kompetanse til dei som skal undervise i nynorsk som hovudmål og sidemål og at norskopplæringa for vaksne innvandrarane skal skje på nynorsk i nynorskkommunar.